Kaffi & Kringle

Kaffi & Kringle

By FirdapostenSociety & Culture
Download on the App Store

Kaffi & Kringle episodes

  • Kaffi & kringle med Karen, Christer Husa og Kristoffer Ryland

    Christer og Kristoffer er to legender i Florø Fotball. Dei har begge vakse opp med fotball i Botnaholten, og kanskje det har vore grunnen til at dei begge blei så gode. No har dei takka ja til eit år som trenarar for det unge A-laget til Florø. I denne episoden får du høyre meir om kva som trigga dei til å sei ja. Korleis skal dei snu den negative trenden? 

    Karen djupdykk litt i kva fotballen har betydd for dei, og kva som har våre høgde- og lågpunkta i karrieren. Episoden gir også svar på kva som eigentleg skjedde med førstegongstenesta til Christer og om Kristoffer fortsatt får mange parkeringsbøter. 

    See omnystudio.com/listener for privacy information.

    1 hr 4 min
  • Kaffi & kringle med Karen og Andreea

    Andreea er – om ikkje Norges tøffaste, i alle fall Florøs tøffaste. I denne episoden blir vi betre kjent med jenta vi har sett på NRK i beste sendetid den siste tida. Karen serverer dei beste kringlene hittil, og oppdagar til sin store skrekk at gjesten ikkje drikk kaffi. I episoden får vi svar på kva som eigentleg skjedde inne på Albuskjell, og om ho er nøgd med innsatsen sin. Andreea røper eit par hemmelegheiter frå serien, fortel om korleis Funkygine eigentleg er, og korleis det er å bli filma 24/7. Blir det ei ekte realityboble?

    Samstundes blir vi betre kjent med Andreea. Kva er det som gjer at ho står i det når ting er tøft? Korleis var det å komme til Norge frå Romania som 6 år(eller 7 eller 8 år)? Og kven er eigentleg dei største fyllasvina på UiB? Ho trenar mykje, og det er ein grunn til. Svara, og meir, får du i den lengste episoden hittil!

    See omnystudio.com/listener for privacy information.

    1 hr 14 min
  • Kaffi & kringle med Karen, Magnus Helgås Brandsøy og Heidi Strømmen Kjerpeset

    I den nyaste episoden av Kaffi&Kringle får Karen besøk av Heidi og Magnus. På eige initiativ skal dei starte flytande sauna i Florø. I episoden fortel dei om korleis ideen dukka opp, kva som har vore utfordringane og kor badstua skal ligge. Vi er også innom helsefordelar med både sauna og isbading – dette har Magnus forska på seg sjølv så det stemmer nok. Magnus fortel om kvifor han valde å bli politi – men ville ikkje svare på kor kriminell Florø er på ein skala frå 1 til 10. Heidi røper kven som styrer Instagrammen til hunden deira og samstundes dykkar vi litt ned i tida då Magnus var så gal etter Heidi at det kunne gått gale.

    See omnystudio.com/listener for privacy information.

    51 min
  • Kaffi & kringle med Karen og Cecilie Fanevik

    Cecillie Fanevik fortel om å tørre å følge draumen, om å drive butikk som går som det susar i Strandgata - fins det ei suksessoppskrift? Kva gjer Cecilie annleis? Om å ikkje bry seg kva andre meiner lenger, og om å vere ein liten Petter Stordalen på måndagar.

    See omnystudio.com/listener for privacy information.

    51 min
  • Kaffi & kringle med Karen og Therese Svortevik
    Therese Svortevik deler erfaringar om å ringe radioen på fritida for å få oppmerksomheit, dyrke hobbyane sine, bu med ordføraren, gi nytt liv til gamle helsekittler, hennar tre H-ar for å velje vin, alltid ha godt humør, drive skobutikk i Strandgata, refleksjonar rundt 'ungdommen no til dags', sinnemeistring, og kva som skjedde med lappen.

    See omnystudio.com/listener for privacy information.

    1 hr 2 min

About Kaffi & Kringle

From the publisher's feed

I denne podkasten serverer Karen kaffi & kringle til spennande og handplukka gjestar. Men det er ikkje det einaste som blir servert. Her får du gode historier, og blir betre kjent med kjekke…