Labpodden

Labpodden

Download on the App Store

Labpodden episodes

  • Testosteron til kvinner - kva seier forskinga?

    Testosteron er eit mykje omtalt tema innan kvinnehelse. Men kva seier eigentleg forsking om bruk, effekt og oppfølging hos kvinner i overgangsalderen? Det forklarer Synne Wollen Steen, Lena Brekkhus og Kristine Heitmann frå RELIS og Seksjon for klinisk farmakologi her.


    Testosteronbehandling mot redusert sexlyst hos postmenopausale kvinner - RELIS

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    29 min
  • Bak prøvesvaret som avgjer - om å vere bioingeniør
    Visste du at dei fleste avgjerder om pasientbehandling startar i laboratoriet? Bioingeniør Ingvild Fleten Sortland fortel kor viktig laboratoriet er for pasientbehandling, om fagleg ansvar, og korleis kompetansen til bioingeniørar strekkjer seg langt utanfor laboratoriet på Haukeland.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    14 min
  • Midt i livets start og slutt - bioingeniør i Glasblokkene
    Frå nyfødde barn til pasientar i livets siste fase - bioingeniørane i Glasblokkene på Haukeland er ofte innom heile livsløpet på same dag. Anne Mari Mundal skildrar kontrastane mellom livets byrjing og slutt, og forklarer kvifor gode rammer er avgjerande for å skape tryggleik og meistring hjå barna dei tek prøvar av.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    15 min
  • Kokain: Frå mirakel til misbruk
    Korleis verkar kokain i kroppen, kva gjer det så risikabelt, og korleis kan laboratoriet påvise kokain lenge etter bruk. Kliniske farmakologar Camilla Methlie og Marcus Stangeland forklarer, og gir oss innsikt og kunnskap.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    31 min
  • Kokain: Frå busk til snusk
    Vil du vite kven som likte kokain på 1800-talet, eller høyre om vinen med kokain som blei velsigna av paven? Camilla Methlie og Marcus Stangeland, kliniske farmakologar ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi fortel om kokainet si reise frå plante til rusmiddel .

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    17 min
  • Virus på vandring: om influensa og luftvegsinfeksjon

    Kor stor er sjansen for å bli smitta av eit nys å bussen? Elling Ulvestad og Randi M. Nygaard ved Mikrobiologisk avdeling kva som skjer i kroppen når du får influensa.


    Luftvegsstatistikk Helse Bergen

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    35 min
  • Brystkreft: mange sjukdommar - mange moglegheiter
    Kvar svulst har sitt eige fingeravtrykk. I denne episoden møter vi patolog og forskar Lars Akslen, som forklarer kvifor presisjonsdiagnostikk er nøkkelen til presis behandling. Vi snakkar biomarkørar, kreftens mikromiljø - og kvifor patologar er heilt avgjerande for moderne kreftbehandling. 

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    27 min
  • Arveleg brystkreft - kunnskap som kan redde liv
    Kva betyr eigentleg arveleg brystkreft? Kva skjer viss du får vite at du har det? Birte Blindheim Lundhaug og Cathrine Bjorvatn ved avdeling for medisinsk genetikk, fortel om genetisk rettleiing, testing og val du kan ta for å redusere risiko for å få arveleg brystkreft. 

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    27 min
  • Brystkreft hos menn - ei sjeldan, men viktig diagnose
    Visste du at menn og kan få brystkreft? Sjølv om det er sjeldan, er det ei alvorleg diagnose som ofte går under radaren. Ingunn Stefansson, overlege ved avdeling for patologi snakkar om symptom, diagnostikk, stigma – og kvifor det er på tide å gi meir merksemd til brystkreft hos menn.  

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    24 min
  • Brystkreft på labben - når kjemi reddar liv
    Visste du at brystkreft kan vere hormonstyrt – og at behandlinga ofte handlar om å ta frå kreftcellene drivstoffet dei treng for å vekse? Kjemikar Bjørn-Erik Bertelsen har utvikla verdas mest følsomme metode for å måle både østrogennivå og legemiddel brukt i kreftbehandling. Vi snakkar om presisjonsmedisin, biverknadar, forsking – og korleis avansert laboratoriearbeid kan gi betre behandling og meir treffsikre svar. 

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    36 min

About Labpodden

From the publisher's feed

Labpodden tek deg med inn i hjarte av sjukehuset -til ei verd som er avgjerande for diagnose og behandling, men som dei fleste aldri ser.

Hosted on Acast. See