I denne episoden lærer vi meir om JURK og om korleis det er å jobbe der som saksbehandlar. Petrine Iversen inviterer oss inn på kontoret og fortel om endringa som gjer at jusstudentar no får 60 studiepoeng for eit år i JURK. I tillegg høyrer vi frå Nora Bergstrøm-Hansen som har vore saksbehandlar i JURK, samt Tone Linn Wærstad som har rettleia masterstudentar som tek utgangspunkt i erfaringane sine frå JURK når dei skriv master.