
Sign up to save your podcasts
Or


Med krig og uro fløymer Noreg over av oljeinntekter. Me set pengane på bok, og delar lite med andre enn oss sjølv. Burde me gitt bort Oljefondet? Har rikdommen gjort oss sjølvtilfredse, late og gjerrige? Eller står me klare til å tilpasse oss når Trump demonterer verda? Samtalen tek me med økonomiprofessor Kalle Moene.
Transkripsjon av episoden
Fuglane svirrar rundt oss alle, over alt og alltid. Kva betyr dei for oss? Fred, fridom, omsorg eller undergang? Kva kan dei lære oss – om naturen, om kulturen – og om oss sjølv? I samtalen ser me på fugl og fugleliv gjennom ulike linser. Bli med på ei reise i verda av fuglar og fugleinteresserte, frå symbolikken i litteraturen til jakta på det perfekte fuglefotografiet – og mykje meir.
Transkripsjon av episoden
Generasjon Z er er pressa av produktivitet, perfeksjonisme, kroppspress og konstant digital deltaking. Med førsteamanuensis og psykolog Liv Sand og student Kayla Vågen tek me samtalen om korleis generasjon Z tilpassar seg, kva som står på spel, og kva for potensial ungdommen vår ber på.
Transkripsjon av episoden
Ungdom blir stadig mindre aktive – og konsekvensane er alvorlege, ikkje berre på kort sikt, men for helse og velferd i vaksenlivet. Lege, professor og sykkeltrenar Stein Ørn og forskar og tidlegare turnar Eva Leibinger snakkar om verdien av fysisk aktivitet blant barn og unge, og om korleis grunnlaget for god helse kan bli utvikla – eller underminert.
Transkripsjon av episoden
Alkohol grip inn i mange sider av livet vårt, og er nærmast ein del av kvardagen. Mange føretrekk å drikke framfor å la være. Men kva gjer eigentleg alkoholen med oss? I denne episoden fordjupar me oss i dei skjulte helseverknadane av alkohol, og drøfter deretter kvifor det er så vanskeleg å endre drikkevanane våre? Samtalen tek med lege og rusforskar Torgeir Gilje Lid.
Transkripsjon av episoden
45 år etter Kielland-ulykka, der 123 menneske mista livet på Ekofisk-feltet, står mange spørsmål utan svar. Kva var årsaka bak katastrofen, og kvifor har det vore så vanskeleg å få klarheit?
I denne episoden dykkar me ned i den nyaste rapporten som avslører forsvunne dokument, og diskuterer kva dette kan bety for etterlatne og pårørande. Bli med Marie Smith-Solbakken og Mímir Kristjánsson på eit djupdykk i ei av Noregs største og mest omstridde tragiske hendingar.
Transkripsjon av episoden
Jeff Bezos og Elon Musk er nær sagt besatt av rakettar og romferder. Men og i vår del av verda er romfart på frammarsj. Er det filosofi og ideologi, teknologioptimisme og eventyrlyst, nyfikne og kunnskapshunger – eller er det utsikter til verdiskaping og sysselsetting? Samtalen tek me med Ole Dokka, adm dir i Spaceport Norway og Daniel Cau Varming, student og grunnleggar av UiS Aerospace.
Transkripsjon av episoden.
Livet har blitt meir farleg dei siste åra. Det er krig i Europa, Trump demonterer demokratiet i USA og ny teknologi aukar risikoen for digital og hybrid sabotasje. Kor redde skal me være, og korleis kan me preppe? Gjester i samtalen er statsforvaltar Bent Høie, og professor i samfunnsikkerheit Sissel Haugdal Jore.
Du finner autotranskripsjon av episoden her.
Kunnskap er ei viktig kjelde til verdiskaping, vekst og velferd, men kjem ikkje av seg sjølv. Korleis kan politikken sikre kunnskap som står i stil med behova i samfunnet rundt oss? Gjestene er minister for høgare utdanning og forsking, Sigrun Gjerløw Aasland, og professor og prorektor for innovasjon og samfunn, Marte C.W. Solheim (UiS).
Du finner autotranskripsjon av episoden her.
Klimapolitikken har tapt terreng dei siste åra, både internasjonalt og i Noreg. Vil ei rein AP-regjering gjere nokon forskjell, eller er motvinden tyngre enn som så? Klaus Mohn samtaler med MDG-leiar Arild Hermstad og statsvitar Svein Tuastad ved UiS.
Du finner transkripsjon av episoden her.
From the publisher's feed
Nyheitsflaumen blir produsert og konsumert i eit tempo som ikkje gjev tid og rom for utdjuping og refleksjon. Saman med kompetente gjester byr mohnitor på djupare drøfting av dagsaktuelle tema…