Kunnskap er ei viktig kjelde til verdiskaping, vekst og velferd, men kjem ikkje av seg sjølv. Korleis kan politikken sikre kunnskap som står i stil med behova i samfunnet rundt oss? Gjestene er minister for høgare utdanning og forsking, Sigrun Gjerløw Aasland, og professor og prorektor for innovasjon og samfunn, Marte C.W. Solheim (UiS).