PALLPLASS - ein metalpodkast

PALLPLASS - ein metalpodkast

By Bjarte, Ola og ØyvindMusicMusic CommentaryMusic History
Download on the App Store

PALLPLASS - ein metalpodkast episodes

  • 027 - METAL CHURCH

    Metal Church skal på pallen i denne episoden, og det er ikkje berre enkelt å kåre topp 3 med Vanderhoof og kompani. Eller? Kanskje det er ganske enkelt? Er det regelen her òg, som hjå ein del andre band, at det er dei gamle, klassiske albuma som klatrar seg på pallplassen, eller har Kurdt meir å by på gjennom diskografien? Kva vokalist kledde/kler Metal Church best? Lopes? Allen? Munroe? Howe, eller kanskje Wayne? Kva er vel Presto Ballet? Kva er best på Hanging in the Balance – kåveret eller musikken? Kor mange gongar har Kurdt lagt ned bandet? Er Masterpeace verkeleg eigentleg «Disasterpeace»? Skulle Howe eigentleg bli med bandet igjen på comebacket i 2004? Kva er bakgrunnen til namnet «Metal Church»? Kva syng Ola Bayley denne gongen? Og kva hamnar på pallplassen heilt til slutt?

    1 hr 3 min
  • 026 - OPETH

    Opeth. For eit band! Kva er det med desse svenskane som eigenhendig laga sin eigen sjanger allereie på debutalbumet? Korleis har dei klart å få denne semi-introverte, komplekse death-prog-metal-rocken sin med låtar på pluss/minus 10 minuttar, til å bli allemannseige i metalverda? Kva besetning var/er eigentleg den beste? Eller har ikkje mannskap noko å seia i Opeth all den tid Åkerfeldt er ved roret? Prog rock-Opeth eller prog death metal-Opeth? Burde Åkerfeldt bli stand up-komikar? Kva i alle dagar er koplinga mellom Anal Bros og Opeth?! Kva har gutane bak mikrofonane høyrt på sidan sist? Kva låt av Opeth er det Blaze Ola Bayley syng denne gongen? Er diskografien til Opeth eigentleg noko bra, eller dvass og oppskrytt? Og kva plater kjem seg på pallplassen?

    1 hr 20 min
  • 025 - CANDLEMASS

    I episode 25 snakkar vi om ein av pionerane og kanskje DET viktigaste bandet innan doom metal, nemleg Candlemass. Med primus motor Leif Edling som einaste konstante medlem (iallfall i studio) og 13 studioalbum fordelt på 5 vokalistar (eller 6, om du reknar med EPar), er vel diskografien ei salig blanding av hummer og kanari. Eller? Er det eigentleg det? Er Edling-DNAet i musikken nok til at alle 13 skivene held mål, eller finst det kalkunar her òg? Levèn, Vikström, Lowe, Längquist eller Bror Jan? Er det vibrato(r)en eller The doom dance til Marcolin som står seg best i dag? Kva er Kåre sitt nye favorittband? Kor mykje av kaffetraktinga til Bjarte blør inn i mikrofonane? Kva i alle dagar syng Blaze Bayley-kopien i denne episoda, og kva plater kjem seg i sluttspurten på pallplassen?

    1 hr 16 min
  • 024 - HELLOWEEN

    Det er dei sjangerdefinerande tyskarane i HELLOWEEN som skal setjast på pallen denne gongen. Platene til og med Keeper of the Seven Keys pt. 2 er krutsterke, og spesielt Keeper-skivene er kanskje støypeforma og sjølve definisjonen på power metal - eller tyskarmetall, om du vil. Men har Weikath og kompani meir å by på enn den tidlege (fullengder)troikaen? Slik som f.eks. Pink Bubbles Go Ape med m.a. Heavy Metal Hamsters? Eller Time of the Oath? Eller kanskje The Dark Ride? Kvifor ikkje Seven Sinners? Og, er Chameleon stygt undervurdert, eller står den seg godt i skammekroken? Hansen, Deris eller Kiske? Kvifor hadde Rabbit Don’t Come Easy fleire trommeslagarar? Var Gamma Ray betre enn Helloween på 90-talet? Har Ola og Kåre endeleg fått foten for power metal og allsangrefreng? Og, ikkje minst - kva plater kjem i sluttspurten for pallplassane denne gongen?

    1 hr 18 min
  • 023 - CARCASS

    Liverpools store søner i Carcass er episodetema denne gongen. Kva er det med britane og deira grindcore/death metal (og i ei periode heavy metal) som er så eigenarta og feit? Kva betyr eigentleg alle låttitlane? Necrotisism eller Swansong? Reek of Putrefaction eller Symphonies of sickness? Heartwork eller Torn Arteries? Bill Steer eller Michael Amott? Eller Carlo Regadas? Kvifor spelar Ken Owen så feitt? Har Liverpool berre oppfostra to gode ting? Burde Kåre skifte namn til Grind-Kåre? Og kva plåter hamnar på pallplassen denne gongen?

    Svaret får du sjølvsagt i den rykandes ferske episoda av PALPLASS!

    54 min
  • 022 - ACCEPT

    Velkomen til ei ny episode med PALLPLASS!

    I denne episoden tek vi for oss ACCEPT som har heldt det gåande i imponerande 50 år. Dei har ei ny skive ute med lassevis med gjesteartistar for å feire jubileet, men hamnar denne samlinga med nyinnspelingar på pallplassen? Og fungerer eigentleg Accept utan Udo på vokal? Skulle John Norum spele gitar i Accept? Kor lengje var Arjen Anthony Lucassen gitarist i bandet? Er Eat the Heat betre enn ryktet sitt? Kva plate er best av comeback-albuma med Udo? Kan de nye skivene måle seg med dei gamle? Kva er bakgrunnen bak platetittelen Balls to the Wall? Er heavy metal faktisk berre primitiv musikk som utelukkande nyttar seg av tre akkordar? Elskar Ola eigentleg power metal? Blir dette siste episode med Blaze Bayley-konkurranse? Og kva plåter av Accept kjem seg på pallen?

    Svaret får du sjølvsagt i episode 22 av Pallplass. Vel bekomme!

    1 hr 5 min
  • 021 - SEPULTURA

    Det er fredag, snart helg og sjøøølvsag NY episode med Pallplass der vi snakkar om: SEPULTURA!

    Kva var det eigentleg som skjedde i Belo Horizonte på 80-talet? Kvifor heiter dei Sepultura? Kva var peak Sepultura - Arise, Chaos A.D. ... eller kanskje Against? Held plåtene seg godt? Kva skjedde då Max Cavalera forsvann – og kunne Sepultura verkeleg halde fram utan han? Kven er den beste Sepultura-trommisen? Kor mange plåter måler seg eigentleg med klassikarane? Og kva Sepultura-skiver hamnar på pallplassen i denne episoda?

    Lenke i kommentarfeltet.

    1 hr 9 min
  • 020 - SAXON

    Kva er meir metall enn dongeri og lær? Jau, det er sjølvsagt: SAXON!

    Kva er det med Biff og kompani som gjer at Saxon er så tidlaust bra? Kva er koplinga mellom Saxon og Dombås? Kan 2000tals-plåtene hamle opp med dei tidlege, klassiske albuma? Kva skjedde med Oliver og Dawson? Kvifor spelte Jörg Michael berre på ei Saxon-plåte? Kva var platedebuten til Biff Byford og kva instrument spelte han der? Har Nibbs Carter føtene på jorda, eller er han ein primadonna? Kor mange skiver har dei selt, og kva plåter kjem på pallplassen i denne episoda?

    1 hr 10 min
  • 019 - CELTIC FROST

    UGH! Pallplass er attende med morbide forteljingar i podkastformat. I episode 19 er det Celtic Frost som står for tur.

    Kvifor var desse sveitsarane så innflytelsesrike? Kva æra var best? Glam-æraen eller ugh!-æraen? Eller: Cold Lake eller Morbid Tales? Er Dethroned Emperor tidenes låt? Eller kva med Babylon Fell? Eller kvifor ikkje I Won’t Dance – som er favorittlåta til Øyvind? Kva låt blir presentert av Blaze Ola Bayley, og kva plåter kjem på pallplassen denne gongen? – Dette og meir til får du svaret på i denne episoda av Pallplass!

    55 min
  • 018 - OBITUARY

    Sommarferien er ferdig og det er endeleg duka for ny sesong med PALLPLASS!

    No går turen til Florida, amerikansk death metal og sjølve pionerane i sjangeren: OBITUARY. For eit band! Kva er vel meir synonymt med death metal-vokal enn vokalen til John Tardy? Og kva syng han eigentleg? Er det lydar eller faktiske ord og setningar? Kvifor stjal dei omslagbiletet dei brukte til Cause of Death, frå Sepultura? West, Murphy, Santolla eller Andrews? Kva blei fødd når Steve DiGiorgio spelte bass med dei på Graspop-festivalen? Er det kun Slowly We Rot og Cause of Death som har noko å fare med, eller er det anna snop seinare i diskografien? Er Hole in the Sky-festivalen nemnt i biografien deira, og kva var eigentleg dagjobben til John Tardy? Dette, kva plåter som kjem på pallplassen og meir til får du svaret på i denne episoda av PALLPLASS!

    1 hr 15 min

About PALLPLASS - ein metalpodkast

From the publisher's feed

Ola, Bjarte og Øyvind tek for seg topp 3 - sjølve pallplassen - av albuma til band dei likar innan heavy.