PALLPLASS - ein metalpodkast

PALLPLASS - ein metalpodkast

By Bjarte, Ola og ØyvindMusicMusic CommentaryMusic History
Download on the App Store

All PALLPLASS - ein metalpodkast episodes

  • 031 - QUEENSRŸCHE

    Queensrÿche var, saman med m.a. Fates Warning og Crimson Glory, viktige i det å utvikle heavy metal i ei progressiv retning på 80-talet. Men kva med platene deira? Har dei gjeve ut noko som er verdt å høyre på? Er Chris DeGarmo eigentleg frå Garmo? Er Q2K og Hear in the Now Frontier betre en rykta sine? Tate eller LaTorre? Rockenfield, LaTorre eller Grillo? Operation: Mindcrime 1 eller 2? Kven gav ut det beste Queensrÿche-albumet i 2013? Kvifor er ikkje Kåre med i denne episoda? Og kva album kjem på pallplassen denne gongen?

    1 hr 10 min
  • 030 - OZZY OSBOURNE

    Ozzy Osbourne. The Prince of Darkness. John Michael Osbourne. Kjært barn har mange namn! Det er sjølvsagt den klassiske Black Sabbath-vokalisten sin solokarriere som skal opp på pallen denne gongen, og her er det mykje å ta tak i - både når det gjeld musikken og livet prinsen har levd. Er det dei to første platene som heilt klart er best, eller er kvalitetsstatusen deira prega av at Randy Rhoads omkom i den tragiske ulykka så tidleg som han gjorde? Kva med Jake E. Lee? Leverte han bra med Ozzy? Eller kva med Zakk Wylde? Gus G., da? Kvifor var Bob Daisley så ofte inn-og-ut av bandet? Kan dei nye platene måle seg med dei normetablerte klassikarane? Hadde Ozzy som vane å bite hovudet av dyr, eller blei det med flaggermusa? Kvifor kjøpte han hest? Beit han hovudet av den òg? Kvifor er Ola så glad i balladesamlinga til Ozzy? Og kva plater kravlar seg opp på pallplassen heilt til slutt?

    1 hr 15 min
  • 029 - EXODUS

    Det femte medlemmet av «The Big Four» innan thrash metal står for tur i denne episoda av PALLPLASS. Eller BURDE dei vore blant dei faktisk store fire? Vi snakkar sjølvsagt om EXODUS. Stødigare og meir produktiv riffhand enn handa til Gary Holt skal du leite lengje etter. Kanskje Metallica «stjal» feil gitarist frå Exodus i si tid? Kva er det med mannen og myta Paul Baloff? Har Bonded by Blood tålt tidas tann? Kva med Force of Habit? Tempesta eller Bostaph? Baloff, Zetro eller Dukes? Har Gary Holt vore på fest på Otta? Er diskografien deira eigentleg noko å snakka om? Er nyare Exodus noko relevant? Og kva plater kjem på pallplassen denne gongen?

    1 hr 14 min
  • 028 - SYMPHONY X

    Me må snakka om Symphony X. Michael Romeo har saman med resten av bandet levert ein imponerande diskografi innan neo-klassisk prog metal gjennom tre tiår. Men kva er vel eigentleg prog metal? Og kva er neo-klassisk metal? Burde Dream Theater vere misunnelege på både vokalist og låtskrivinga hjå Symphony X? Kven er vel Michael Romeo? Er Sir Russel Allen faktisk slått til riddar? Kor stor skade kan ein eigentleg gjera med ein smørkniv? Lyre eller nyre? Kva blir pallplassen til Bjarte, som har høyrt på bandet i ei årrekke? Og kanskje endå meir spanande: fell bandet i smak hjå dei tre andre, som omtrent ikkje har høyrt ein tone frå før? Kvifor har Blaze Bayley-imitatoren episodepause, og kvifor er det ein James LaBrie-etterliknar som er vikar i konkurransa i denne episoden?

    59 min
  • 027 - METAL CHURCH

    Metal Church skal på pallen i denne episoden, og det er ikkje berre enkelt å kåre topp 3 med Vanderhoof og kompani. Eller? Kanskje det er ganske enkelt? Er det regelen her òg, som hjå ein del andre band, at det er dei gamle, klassiske albuma som klatrar seg på pallplassen, eller har Kurdt meir å by på gjennom diskografien? Kva vokalist kledde/kler Metal Church best? Lopes? Allen? Munroe? Howe, eller kanskje Wayne? Kva er vel Presto Ballet? Kva er best på Hanging in the Balance – kåveret eller musikken? Kor mange gongar har Kurdt lagt ned bandet? Er Masterpeace verkeleg eigentleg «Disasterpeace»? Skulle Howe eigentleg bli med bandet igjen på comebacket i 2004? Kva er bakgrunnen til namnet «Metal Church»? Kva syng Ola Bayley denne gongen? Og kva hamnar på pallplassen heilt til slutt?

    1 hr 3 min
  • 026 - OPETH

    Opeth. For eit band! Kva er det med desse svenskane som eigenhendig laga sin eigen sjanger allereie på debutalbumet? Korleis har dei klart å få denne semi-introverte, komplekse death-prog-metal-rocken sin med låtar på pluss/minus 10 minuttar, til å bli allemannseige i metalverda? Kva besetning var/er eigentleg den beste? Eller har ikkje mannskap noko å seia i Opeth all den tid Åkerfeldt er ved roret? Prog rock-Opeth eller prog death metal-Opeth? Burde Åkerfeldt bli stand up-komikar? Kva i alle dagar er koplinga mellom Anal Bros og Opeth?! Kva har gutane bak mikrofonane høyrt på sidan sist? Kva låt av Opeth er det Blaze Ola Bayley syng denne gongen? Er diskografien til Opeth eigentleg noko bra, eller dvass og oppskrytt? Og kva plater kjem seg på pallplassen?

    1 hr 20 min
  • 025 - CANDLEMASS

    I episode 25 snakkar vi om ein av pionerane og kanskje DET viktigaste bandet innan doom metal, nemleg Candlemass. Med primus motor Leif Edling som einaste konstante medlem (iallfall i studio) og 13 studioalbum fordelt på 5 vokalistar (eller 6, om du reknar med EPar), er vel diskografien ei salig blanding av hummer og kanari. Eller? Er det eigentleg det? Er Edling-DNAet i musikken nok til at alle 13 skivene held mål, eller finst det kalkunar her òg? Levèn, Vikström, Lowe, Längquist eller Bror Jan? Er det vibrato(r)en eller The doom dance til Marcolin som står seg best i dag? Kva er Kåre sitt nye favorittband? Kor mykje av kaffetraktinga til Bjarte blør inn i mikrofonane? Kva i alle dagar syng Blaze Bayley-kopien i denne episoda, og kva plater kjem seg i sluttspurten på pallplassen?

    1 hr 16 min
  • 024 - HELLOWEEN

    Det er dei sjangerdefinerande tyskarane i HELLOWEEN som skal setjast på pallen denne gongen. Platene til og med Keeper of the Seven Keys pt. 2 er krutsterke, og spesielt Keeper-skivene er kanskje støypeforma og sjølve definisjonen på power metal - eller tyskarmetall, om du vil. Men har Weikath og kompani meir å by på enn den tidlege (fullengder)troikaen? Slik som f.eks. Pink Bubbles Go Ape med m.a. Heavy Metal Hamsters? Eller Time of the Oath? Eller kanskje The Dark Ride? Kvifor ikkje Seven Sinners? Og, er Chameleon stygt undervurdert, eller står den seg godt i skammekroken? Hansen, Deris eller Kiske? Kvifor hadde Rabbit Don’t Come Easy fleire trommeslagarar? Var Gamma Ray betre enn Helloween på 90-talet? Har Ola og Kåre endeleg fått foten for power metal og allsangrefreng? Og, ikkje minst - kva plater kjem i sluttspurten for pallplassane denne gongen?

    1 hr 18 min
  • 023 - CARCASS

    Liverpools store søner i Carcass er episodetema denne gongen. Kva er det med britane og deira grindcore/death metal (og i ei periode heavy metal) som er så eigenarta og feit? Kva betyr eigentleg alle låttitlane? Necrotisism eller Swansong? Reek of Putrefaction eller Symphonies of sickness? Heartwork eller Torn Arteries? Bill Steer eller Michael Amott? Eller Carlo Regadas? Kvifor spelar Ken Owen så feitt? Har Liverpool berre oppfostra to gode ting? Burde Kåre skifte namn til Grind-Kåre? Og kva plåter hamnar på pallplassen denne gongen?

    Svaret får du sjølvsagt i den rykandes ferske episoda av PALPLASS!

    54 min
  • 022 - ACCEPT

    Velkomen til ei ny episode med PALLPLASS!

    I denne episoden tek vi for oss ACCEPT som har heldt det gåande i imponerande 50 år. Dei har ei ny skive ute med lassevis med gjesteartistar for å feire jubileet, men hamnar denne samlinga med nyinnspelingar på pallplassen? Og fungerer eigentleg Accept utan Udo på vokal? Skulle John Norum spele gitar i Accept? Kor lengje var Arjen Anthony Lucassen gitarist i bandet? Er Eat the Heat betre enn ryktet sitt? Kva plate er best av comeback-albuma med Udo? Kan de nye skivene måle seg med dei gamle? Kva er bakgrunnen bak platetittelen Balls to the Wall? Er heavy metal faktisk berre primitiv musikk som utelukkande nyttar seg av tre akkordar? Elskar Ola eigentleg power metal? Blir dette siste episode med Blaze Bayley-konkurranse? Og kva plåter av Accept kjem seg på pallen?

    Svaret får du sjølvsagt i episode 22 av Pallplass. Vel bekomme!

    1 hr 5 min