Radio Sunnmøre

Populært ungdomsarbeid på Ellingsøy bedehus


Listen Later

-Det er veldig, veldig gøy, seier Anna Sperre om 7aren, som synest det er kjekt med kiosk og  leikar. I fleire tiår har 7aren på Ellingsøy bedehus vore eit ungdomsarbeid for barn mellom 5. -7. klasse (10-12 år) annakvar fredag. Sperre synest annakvar fredag er alt for sjeldan. Venninna Mathilde Bjørge er einig i dette, og fortel at det av og til er heile klassa som stiller på 7aren.
I haust starta fyrste samling med 35 deltakarar, og under andre samling var det samla rundt 50 ungdomar i bedehuskjellaren. Grunnen til auka var at dei som starta opp som 8. klassingar denne hausten ynskja seg inn på 7aren som dei gjekk ut i frå i vår, sidan dei trivdes så godt der. Sidan ynskje om å få kome til ungdomskveld på bedehuset for 8. klassingane og oppover er så stort, så skal det no også starte Seinfredag for denne aldersgruppa denne hausten.
-Det er uvurdeleg å få samle ungdom i denne alderen der ein kan få høyre Guds ord, seier Lasse Molnes. Han starta sjølv som deltaker på 7aren, før han vart leiar i ung alder. I dag er han far til born i aldersgruppa og framleis med som leiar.
...more
View all episodesView all episodes
Download on the App Store

Radio SunnmøreBy radiosunnmore


More shows like Radio Sunnmøre

View all
Salt by Salt Bergen

Salt

4 Listeners

Kristen-Norge by Dagen

Kristen-Norge

2 Listeners