På sjølvaste valentinsdagen, 14. februar, tilbyr Den norske kirke Drop-in-bryllaup. Ein heilt enkel vigselsseremoni, som er heilt gratis om den eine er medlem i Den norske kirka.
I Møre og Romsdal er det fleire kirker som tilbyr drop-in bryllaup på valentinsdagen, og Harøy kyrkje er den kyrkja som til no har fått flest førespurnader. Vi har tatt ein prat med eldsjel og initiativtaker i Harøy, Solfrid Harøy, som gler seg stort over oppslutnaden.
Vi har også tatt ein prat med Maria Vassli Gjære, i Møre bispedømmeråd, som fortel at det skal vere enkelt og ein lavterskel for å gifte seg med eit slikt tilbod. Det viktigast å ha på plass er ein å gifte seg med.