Sign up to save your podcastsEmail addressPasswordRegisterOrContinue with GoogleAlready have an account? Log in here.
FAQs about Radio Sunnmøre:How many episodes does Radio Sunnmøre have?The podcast currently has 4,371 episodes available.
January 21, 2026Søndagens tekst 25. januarSøndag er teksta henta frå Lukas 18, 35-43, og handlar om den blinde mannen ved Jeriko. I ein samtale med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, tek vi ein prat om kva som står i teksta og kva den kan bety for oss i dag....more9minPlay
January 21, 2026Stor pågong på Familievernkontoret etter julPå Familievernkontoret på Sunnmøre har ein etter jul merka stor pågong. Kontoret ynskjer å vere til hjelp for barn, unge og familier i vanskelege tider av livet, og etter jul har dei merka stor pågong av henvendingar. Vi har tatt ein prat med Anne Line Dahl Jerstad ved Familienvernkontoret om arbeidet dei held på med....more13minPlay
January 20, 2026Sina Løken kveld på Langevåg bedehusLaurdag 24. januar er det Sina Løken -kveld på Langevåg bedehus. Sina Løken var ein pionermisjonær på Madagaskar fram til 1934, og kom opprinneleg frå Langevågen. Sidan 1946 har det hengt eit bilete av denne dama på Langevåg bedehus. Laurdag får ein høyre historia om Løken og ei andakt ho haldt i si tid. Lars Erik Nesseth har blitt intervjua av Helge Åkerens om temakvelden....more11minPlay
January 20, 2026KvardagspratenDenne veka er det Irene Krokeide Alnes som er med i Kvardagspraten. Vi tek ein prat om bøn og betydninga av bøn. Høyr heile kvardagspraten på Radio Sunnmøre....more7minPlay
January 19, 2026Vestborgrussen på turnèI helga var Vestborgrussen på turnè rundt om på Sunnmøre. Dette gjer dei kvart år for å reklamere for Vestborg vidaregåande skule, men også for å samle inn pengar til årets misjonsprosjekt. På Ellingsøy bedehus var det prosjektleiar Andreas Haram som møtte personleg, og han fortalde om prosjektet og turen han hadde til prosjektlandet Japan. I eit intervju på Radio Sunnmøre fortel han nokre glimt frå turen og litt om omfanget av innsamlinga. Vi fekk også ein prat med Samuel Alnes, som valgte etter to år på ein annan vidaregåande skule å ta siste året på Vestborg vgs. Og det var ikkje utan grunn at han tok det valet. Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre....more11minPlay
January 19, 2026Rapport frå ElfenbenskystenEkteparet Katie og Kjell Magne Møgster er i Elfenbenskysten, og fort tida i Abidjan. Dei er utsendt for Misjonssambandet og skal arbeide blant Mahou folket. Radio Sunnmøre tok ein telefon til ekteparet for å få ein liten rapport på korleis arbeidet har gått sidan dei reiste ned i haust....more16minPlay
January 16, 2026Mikal delte ut mat til 2000 familiar i KenyaI årets ferskaste episode frå North South Partnership Aid (NSP Aid) får vi høyre eit intervju med Mikal Sandvik, frå Misund, som fortel om korleis han har vore med å pakke og dele ut 2000 matkasser i Kenya i jula. Vi får også høyre om korleis han oppdaga arbeidet til NSP Aid....more17minPlay
FAQs about Radio Sunnmøre:How many episodes does Radio Sunnmøre have?The podcast currently has 4,371 episodes available.