"Dialektane står sterkare i Noreg enn i mange andre land, ikkje minst på grunn av arbeidet til målrørsla. Trass i språkleg undertrykking har folk hevda retten til å bruke sitt eige språk, slik at dialekttale i dag er den vanlegaste uttrykksmåten for folk flest. Dialektane er utsette for eit sterkt press, særleg frå talt og skrive bokmål. Noregs Mållag forsvarer dialektane og dialektbruken mot dette presset. Normert nynorsk tale kan vere eit viktig ryggstø både for skriftspråket og for målføra."
Vi drøftar normert nynorsk tale, bokmålisering, dialektdaude, frigjering (igjen!) og om alt går til helvete eller ikkje.