QuadPodden

QuadPodden

Download on the App Store

QuadPodden episodes

  • Quad of Nations – Siste løp og norsk nedtur

    Send us Fan Mail

    I denne siste innspelinga frå årets Quad of Nations oppsummerer Tarald det dramatiske avslutningsløpet, der det dessverre gjekk gale for Norge allereie på master-runda. Med gode sjanser før siste heat, var håpet om ein pallplass levande – men eit uheldig kjedebrudd øydela dei sjansane.

    Simon er også med og deler sine refleksjonar rundt det å følgje det norske landslaget gjennom heile helga, frå spenning og samhald til skuffelse og læring. 

    Alle innspelingane frå helga blir etterkvart samla i ein full episode – dette markerer truleg siste innspeling for i år, med mindre vi klarer å få til ein bonusprat med ein av dei amerikanske førarane. Om det skjer, kven burde vi snakke med? Tips mottas med takk!

    Support the show

    8 min
  • Quad of Nations – Full innsats på røff bane

    Send us Fan Mail

    Tarald Hellebust og Lars Holmen gav alt på ei krevjande og teknisk utfordrande løype, og køyrde inn til sterke plasseringar – P7 og P13. No står alt på spel før det siste løpet, der Tarald og Christopher Tveråen skal ut og kjempe for Noreg. Spenninga stig!

    Support the show

    9 min
  • Quad of Nations - Kvalifisering oppsummert – Norge klare for kamp!

    Send us Fan Mail

    I denne episoden oppsummerer dei norske gutta ein spennande kvalifiseringsdag der Norge sikra ein solid 4. plass totalt – og dermed får velje startspor som nummer fire i morgondagens race. Christopher leverte ein sterk 3. plass i første heat, Lars fulgte opp med ein imponerande 4. plass etter å ha kjempa lenge om tredje, og Tarald viste god fart og mental styrke etter ein uheldig start, og køyrte inn til P6.

    No er alt fokus retta mot morgondagen, der det verkeleg gjeld. Norge ser sterke ut og har gode sjansar til å kjempe om ein plass på pallen. Vi krysser fingrane for at både sykler og utøvarar held seg skadefrie og at vi får sjå sterke resultat!

    Support the show

    10 min
  • Quad of Nations - Trening

    Send us Fan Mail

    Utøvarane er no ferdig med sine treningsøkter. Nesten live oppdatering på korleis det har gått og korleis dei føler bana og sykkel er.

    Support the show

    12 min
  • Quad of Nations del 1

    Send us Fan Mail

    I denne episoden har Quadpodden tatt turen til Nederland for å dekke Quad of Nations – verdsmeisterskapen i ATV. Vi følgjer det norske landslaget med Tarald Hellebust, Lars Homlen, Cristopher Tveråen og trenar Lise Solli. Utøvarane tar oss med bak kulissane og deler innsikt i teknisk kontroll, detaljer rundt dekkval og korleis dei førebur seg før startskotet går. Følg med i løpet av helga – det er stor sjanse for fleire korte episodar undervegs.

    Support the show

    21 min
  • NM på Notodden Episode10 S1

    Send us Fan Mail

    I denne episoden får du ein kort oppsummering frå norgesmeisterskapet på Notodden, der vi har med oss dei ferske norgesmeistrane: Christopher Tveråen i Open A-klassen, Silje Granli i dameklassen og Oskar Briskelund i juniorklassen. Dei deler sine tankar om meisterskapen, løpa og vegen vidare.

    Episoden vart dessverre ikkje publisert tidlegare grunna ein teknisk feil med opptakeren, som resulterte i feil dato og tid på innspelinga. Den vart uheldigvis datert til 2021, og dette vart ikkje oppdaga før no. Beklagar forsinkinga.

    Quadpodden er no på veg til Nederland for å følgje Quad Of Nations, der Christopher Tveråen, Lars Holmen og Tarald Hellebust skal representere det norske landslaget. Følg med vidare for oppdateringar frå internasjonalt nivå.

    Vi takkar våre sponsorar: Jahrman Motorteknikk, Døskeland Marine og BGT Motorsport – de gjer det mogleg å løfte sporten og dekninga vidare.

    Support the show

    12 min
  • Pont de Vaux og Jevnaker med Tveråen, Holmen og Kasin - Episode9 S1

    Send us Fan Mail

    I denne episoden får du høyre frå tre dedikerte ATV-entusiastar: Christopher Tveråen, Lars Holmen og Alexander Kasin. Dei deler sine råe opplevingar frå Pont de Vaux – Europas, og kanskje verdas, største og mest legendariske ATV-løp. 

    Vi får også ein kort oppsummering av siste runde i BGT NC-serien på Jevnaker, der tempoet var høgt og konkurransen knivskarp.

    Ein stor takk til våre sponsorar: Døskeland Marine, Jahrmann Motorteknikk og BGT Motorsport

    Support the show

    24 min
  • Oppsummering BGT NC3 Skaun med Ottar, Christer og Jan Vidar - Episode7 S1

    Send us Fan Mail

    Etter litt forsinka publisering (vi beklagar 🙈), er endeleg oppsummeringa frå BGT NC3 Skaun klar – og denne vil du ikkje gå glipp av!

    I episoden får du høyre frå tre solide gjestar: Ottar, Christer og Jan Vidar, som gir deg innsida av løpet, refleksjonar rundt prestasjonane og stemninga frå helga. Det blir både fagleg og folkeleg – akkurat slik vi likar det på Quadpodden! 🏁🔥

    Support the show

    40 min
  • Små hjul, store drømmer – Barneklassane tar ordet! - Episode8 S1

    Send us Fan Mail

    I denne episoden av Quadpodden får du høyre rett frå dei yngste stemmene i sporten – gjestar frå barneklassane 3 og 4 deler sine opplevingar frå sommarens BGT Norgescup-løp på Skaun. Med entusiasme fortel dei om korleis det var å køyre på bana, det sosiale rundt løpa, og den interne konkurransen som gir ekstra fart i svingane. Dei eldste i gruppa ser allereie fram mot Junior-klassen – og framtida i sporten!

    🎧 Episoden skulle ha vore ute for lenge sidan, og det må vi berre beklage. Men kanskje den kan vere akkurat det du treng på vegen mot NM-helga på Notodden? Quadpodden er sjølvsagt på plass og satsar på ny innspeling der – så følg med!

    Ein stor takk til våre sponsorar: Døskeland Marine, Jahrmann Motorteknikk og BGT Motorsport – de gjer det mogleg å løfte fram dei unge stemmene i sporten!

    Support the show

    17 min

About QuadPodden

From the publisher's feed

QuadPod er ein spennande ny podkast dedikert til Quad racing, ein populær gren innan motorsport. Her diskuterer vi alt frå tekniske aspekt til spennande konkurransar og personlege historier frå…