Det å ha venner, nokon å prate med om til dømes liv og livssyn, det er noko som vi menneske som regel opplever som godt. Vi kan sette fleire namn på slike relasjonar mellom to personar. Eit ord, som i seinare år har kome meir og meir på dagsorden i kristne miljø, er ordet "medvandring". Ole Magnus Olafsrud har i mange år vore leiar i den kristne organisasjonen Navigatørane i Norge. No driv han einmannsforetaket Barnabas Focus. Og på visittkortet hans står det: "medvandrer".