I 1985 hadde Radio Sentrum, som i dag heiter Radio Sunnmøre, den fyrste sendinga på etaren. Knut Bergheim var radioen sin fyrste daglege leiar, og i eit intervju på Radio Sunnmøre fortel han om tida der ein skulle samle utstyr til å lage studio og planlegge dei fyrste sendingane.
Kvalitet var også eit fokus den gongen for 36 år sida, då ein skulle ute med ein viktig bodskap. Det fortel Knut Bergheim i eit intervju gjort av Kolbjørn Gjære. Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.
I januar 1985 var fyrste sendinga for Radio Sunnmøre, den gong Radio Sentrum, i Ålesund. Are Bakke har vore med heilt sidan starten, og i eit intervju gjort av Kolbjørn Gjære får du høyre meir om starten og dei 36 åra i tida etter.
I læreplanen skal borna heilt frå 1. klasse lære seg koding og programmering. Rådgivar for spel og apper i Barnevakten, Kris Munthe, har nokre tips til greie apper som borna kan bruke for å trene seg på dette. I vekas intervju får du høyre meir om dette.
Gro Hofseide er ein av mange som i ein vanleg koronafri kvardag held møter og deler frå sine eigne songar. No saknar ho kristne brødre og søstre, og i eit intervju med Johan Behrentz fortel ho meir om dette saknet.
6 min
About Radio Sunnmøre
From the publisher's feed
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.