I vekas episode frå Barnevakten får du konkrete tips til ulike spel ein kan gjere saman med borna i vinterferien. Høyr spelrådgivar Kris Munthe sine gode og konkrete tips for ulike aldersgrupper og speleplattformer.
I kinosalen kan ein sitte 200 personar, men i eit stort kyrkjerom kan det ikkje samlast fleire enn ti personar. Dette tek vi ein prat om i vekas kvardagsprat med Irene Krokeide Alnes. I tillegg høyrer vi om eit seminar ho skal halde om vekkelse, og ein tur til Finnmark med Plussreiser i juni.
I vekas episode av Sjømannspresten tek vi ein prat med sjømannsprest Annstein Lothe om korleis gudstenestene er i sjømannskyrkja på Pattaya i Thailand. Etter ei stund med nedstenging har ein no fått lov å opne opp att for vanlege gudstenester, og til helga er det barnedåp i kyrkja, noko som ikkje er heilt vanleg i denne sjømannskyrkja.
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.