I Bibelpraten denne veka startar vi å ta ein prat om Dommernes bok med Johan Halsne og Arild Ove Halås.
Det å ta eit val sjølv på korleis ein vil leve til ei kvar tid, og når ein vil ha kontakt med Gud, det er noko av det som er likt mellom tida vi lev i idag og Dommertida. Høyr vekas episode på Radio Sunnmøre.
Eit nytt gamingforedrag til foreldre i eit samarbeid mellom Barnevakten og BlåKors. Foredraget blir lansert under den europeiske Safer Internet day 2021 tysdag 9. februar, og handlar om korleis usikre foreldre kan få kunnskap og konkrete råd i ein kvardag der dataspel tek mykje plass i born og unges kvardag.
Høyr vekas prat med Barnevakten ved fagleg leiar Kjellaug Tonheim Tønnesen.
Familie, natur, det nære kristne fellesskapet og bøn er nokre stikkord for dagens kvardagsprat med Irene Krokeide Alnes. Det er fleire som fortel at bøn er viktig denne tida, og det er godt å kjenne at ein blir bedt for, det er noko av det vi får høyre om i vekas kvardagsprat.
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.