Sjøholt Folkehøgskule er godt i gong med renovering, og graving til nytt internatbygg. Promoteringa for skulen er også i gong på ulike plattformer, og 1. februar opnast det for å kunne søke på skulen.
Sjøholt Folkehøgskule skal vere ein skule for elevar frå 16 års alderen, og har ulike linjer som musikk, jakt -og fiske, multisportlinje, og arbeidslivslinje med meir. Høyr meir i intervjuet med styreleiar Odd Christian Stenerud.
Korleis kan ein forklare at dei fekk velsignelsar etter krig på Josvas tid?
I vekas episode av Bibelpraten skal vi til på Josvas bok. I ein prat med Johan Halsne og Arild Ove Halås ser vi på kva som står i Bibelen og kva det kan bety for oss i dag.
I årets fyrste episode i Sjømannspresten tek vi ein prat med sjømannsprest Annstein Lothe på Pattaya i Thailand. Han fortel om at korona no har blomstra opp også i Thailand, og gjorde at nyttårsfeiringa vart meir redusert. Men julehøgtida vart markert med ein god gjeng på julemiddag, i tillegg til at barneheimen sjømannskyrkja støttar deltok på fleire arrangement.
Annstein Lothe fortel også om kva arbeid dei har for barn i området, og at det ofte er besteforeldre som kjem med borna til kyrkja. Høyr meir i årets fyrste intervju.
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.