Det handlar om å sjå kvarandre, gje ei hjelpande hand og feire Gud som vart menneske, når det blir julefeiring i Sjømannskyrkja på Pattaya i Thailand. Høyr intervjuet med Kristianne Stendal Lothe, som saman med ektemannen Annstein Lothe arbeidar i Sjømannskyrkja.
I haust har Tore Hjalmar Sævik og Katrine Skjold spelt inn ei plate som har fått namnet Salmer. Kjære og kjente salmar, i tillegg til nokre nyare songar, har fått plass på plata. Blott ein dag, Jesus din søte forening å smake og Da Jesus satte sjelen fri, for å nemen nokre. Høyr intervjuet med Tore Hjalmar Sævik som er gitarist på plata.
I Bibelpraten episode 85 tek vi ein prat om 1. Johannesbrev med Johan Halsne og Arild Ove Halås. Johannes skriv om korleis vi som kristne blir oppmuntra til å leve. I Bibelpraten tek vi ein prat om kva som står i Bibelen og kva det betyr for oss i dag.
Snapchat herma no etter TikTok, og tilbyr no spotlight. Kva dette inneheld får du høyre meir om i vekas prat med fagleg leiar i Barnevakten, Kjellaug Tonheim Tønnesen.
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.