I Bibelpraten er vi no komen til Paulus brev til Kolosserane. Vi tek ein prat med Johan Halsne og Arild Ove Halås om kva som står i Bibelen, og kva det kan bety for oss i dag.
Korleis hjelpe borna å vere inkluderande på nett og i sosiale medier? Vi får høyre meir om dette i vekas prat med Barnevakten, ved fagleg leiar Kjellaug Tonheim Tønnesen.
Onsdag 28. oktober vert det nytt fakkeltog for forfulgte kristne i regi av Åpne Dører, i Ålesund. Olaug Lillian Bjørke og Helge Åkernes i Åpne Dører Sunnmøre har blitt intervjua av Radio Sunnmøre om årets arrangement og fokus.
-Kanskje får du ei god anledning i dag til å sei noko godt om Jesus, seier Marit Stokken Berland i vekas Kvardagsprat, om å bruke tida vår og dei anledningane vi får denne hausten.
I forrige veke fekk ho delta på møteveke på Stranda bedehus, og i desse dagar er det personaldagar i IMF i Bergen.
I vekas mediekommentar frå Tro & Medier får du høyre Alexis Lund, leiar for Heltfri.net, som held ein tale til årets konfirmantar om at eit liv utan Gud er eit liv utan håp. Høyr vekas kommentar på Radio Sunnmøre.
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.