Til regjeringa sitt forslag til ny opplæringslov i skulen, har Stiftelsen Barnevakten gitt sitt høringssvar. Barnevakten reagerer sterkt på at den nye opplæringslova ikkje lenger ynskjer at eit foreldreutval skal vere lovfesta, noko Barnevakten meinar kan gjere avstanden mellom skule og foreldre større. Høyr vekas intervju med dagleg leiar i Barnevakten, Leif Gunnar Vestbøstad Vik.
I Bibelpraten episode 66 får du høyre om det å leve i lyset og om kva Paulus skriv om ekteskapet i efeserbrevet. Dette er ein prat med Johan Halsne og Arild Ove Halås om kva som står i Bibelen og kva det kan bety for oss i dag.
I vekas episode i Bibelpraten er vi i efeserbrevet og temaet er Guds fulle rustning. Kva står i Bibelen og kva kan det bety for oss idag? Det tek vi ein prat med Johan Halsne og Arild Ove Halås om.
I haustens fyrste kvardagsprat tek vi ein prat med Marit Stokken Berland. Som mange andre er også Marit svært klar og gleder seg til å møtast igjen på bedehusa rundt omkring. Ho fortel i dagens prat om korleis det var å møtast på Lyngdal bibelcamp etter fleire veker utan å kunne møtast til kristne samlingar på grunn av Covid-19, og ho fortel også om korleis reiseruta hennar ser ut dei neste to vekene. Høyr Marit Stokken Berland i vekas kvardagsprat.
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.