I denne episoda av Bibelpraten er vi inne i avslutninga av 2. Korinterbrev, i ein prat med Johan Halsne og Arild Ove Halås. Vi tek ein prat om kva det står om forkynninga i 2. Korinterbrev, og kva det som står kan bety for oss i dag.
Hva er god apologetikk? er tittelen på ei heilt ny bok skrive av Andreas Årikstad og Jogeir Lianes. Dei har begge skrive ei bok saman tidlegare, om skapelsen og/eller evolusjon, og no er det apologetikk som står i fokus. Apologetikk, som også blir omtalt som trusforsvar, er forklart i boka med korte og forklarande kapittel. Vi har tatt ein prat med Andreas Årikstad, lærar og teolog, om kva dei meiner er god apologetikk.
Ein ny kvardag også for Irene Krokeide Alnes som har fått permitteringsvarsel frå Indremisjonsforbundet (IMF) no når det ikkje er mogleg å halde møter på ulike forsamlingshus rundt om i landet. Ho har eit håp om å få kome i arbeid igjen, og fortel om kor flott det er å få vere med i bøneteneste under kveldsmøta i Radio Sunnmøre. Det som er mest overveldande av alle bøneemna som har kome inn, er alle som ber om frelse for sine, fortel Irene Krokeide Alnes i vekas kvardagsprat.
I vekas intervju med Barnevakten tek vi ein prat med fagleg leiar Kjellaug Tonheim Tønnesen. Den populære appen Tik Tok har fått nye innstillingar i foreldrekontrollen, noko som kan gjere appen sikrare for born og unge. Høyr meir i vekas intervju.
I desse dagar er det 100 år sidan det var ein konferanse i den italienske byen San Remo, der sigerherrane etter 1. verdskrig var samla og delte Midtausten mellom seg, noko som fekk stor betydning for det jødiske folket. I eit intervju med Kjell Furnes får du høyre meir om dette.
10 min
About Radio Sunnmøre
From the publisher's feed
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.