-Vi har alle ei sorg vi berer på, ikkje nødvendigvis for nokon som er dø, men for noko som vi saknar, seier Anne Nyvoll Furnes. Siste helga i mars skal ho vere talar på kvinnehelga på Orreneset, og temaet er Den gode samtalen i sorg og glede.
For at borna skal bli meir bevisste på eiga sikkerheit på nett, kan dei vaksne stille nokre spørsmål til borna for refleksjon. Vi har tatt ein prat med dagleg leiar i Barnevakten, Leif Gunnar Vestbøstad Vik, om dei spørsmåla dei får om det åpne, djupe - og mørke nettet.
Rigmor Blomvik Holst er fødd og oppvaksen på Fiskarstranda på Sula utanfor Ålesund, men reiste derifra og busette seg i Sverige då ho var 20 år. No skal ho tale på fellesmøte på heimplassen, høyr kva tanker ho gjer seg om det.
I vekas episode i Bibelpraten er vi i 1. Korinterbrev. Temaet er tru i praksis, og vi tek ein prat med Johan Halsne og Arild Ove Halås om kva som står i Bibelen og kva det kan bety for oss i dag.
I to år skal Ingrid Kvam Steinshamn arbeide som ny prosjekt - og skuleutviklar ved Egill Danielsen Stiftelsen. Det betyr at Møre barne - og ungdomsskule Skodje no er på jakt etter ny rektor. Høyr intervjuet med Kvam Steinshamn på Radio Sunnmøre.
Denne veka skal Irene Krokeide Alnes vere på austlandet saman med Marit Stokken Berland. Fyrst til Bjørkelangen i kveld, og frå onsdag til søndag i Halden. Høyr meir i kvardagspraten denne veka.
Torsdag 27. februar blir det arrangert gratis konsert på Emblem bedehus for lokalmiljøet med Håvard Sveås og Øyvind K. Sunde. Konserten som har fått namnet "Naturen syng" inneheld flott musikk og vakre naturbilete. Høyr intervju med Helge Åkernes, ein av dei lokale arrangørane.
4 min
About Radio Sunnmøre
From the publisher's feed
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.