Sarah og David Åström frå Sverige har vore på sunnmørsturnè, og måndag var dei innom Radio Sunnmøre sin inspirasjonssamling på Valderøy. Då tok Arild Ove Halås eit intervju med dei som du skal få høyre her.
Måndag 10. februar var det inspirasjonssamling med Radio Sunnmøre på Valderøy bedehus. Over 110 personar møtte fram, og to av desse var Aud Ytterland og Jofrid Skjong. Arild Ove Halås tok ein prat med damene som er trufaste lyttarar til Radio Sunnmøre.
Korleis vart det tatt i mot måten Paulus var på, og det han sa til folk? Vi har i vekas bibelprat i Romerbrevet, tatt ein prat om kva som står og kva det betyr for oss i dag. I Bibelpraten høyrer du Ragnhild Kristine Vartdal Espelund i samtale med Johan Halsne og Arild Ove Halås
Kva meinar foreldre og lærarar om born og skjermar? I ei ny undersøking viser det at sju av ti foreldre meinar at born under 13 år ikkje er modne nok til å vere på sosiale medier. Høyr vekas prat med Barnevakten, fagleg leiar Kjellaug Tonheim Tønnesen.
I kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes denne veka fortel ho om kvar ho hentar inspirasjon i frå til radioprogramma Irenes Kvarter. I tillegg er Irene med i styret av Fermate, noko ho fortel meir om i vekas prat.
Måndag til onsdag denne veka er det svenske songparet Sarah og David Åström på besøk på Sunnmøre. Måndag blir dei med på Valderøy bedehus på Radio Sunnmøre sin inspirasjonssamling, tysdag på Ingeløa på Godøya blir det songkveld med dei saman med Elkana, og onsdag blir dei med på skuleskipet Gann ved Ålesund Havn. Høyr intervjuet med Johan Halsne, krinsleiar i IMF Sunnmøre, som fortel meir om både songparet Åström og dei ulike arrangementa i starten av denne veka.
4 min
About Radio Sunnmøre
From the publisher's feed
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.