Morten Samuelsen syng mykje i gravferder, og har no kome ut med eit album med fleire songar han har nytta i slike anledningar. Til trøst heiter albumet. I tillegg har Samuelsen ein del andre musikalske samarbeidsprosjekt på programmet. Høyr fyrste del av intervjuet her:
I Bibelpraten tek vi ein prat med Johan Halsne og Arild Ove Halås om kva som står i Bibelen og kva det betyr for oss i dag. I vekas episode pratar vi om Den Heilage Ande.
I dag er det 45 år sidan Marit & Irene hadde sitt fyrste møte saman, det fortel Marit Stokken Berland i dagens kvardagsprat. Vi får også høyre om korleis det var på Kypros, og om planane vidare i oktober.
Kjell Furnes har kome ut med ei ny bok, Det gryr av dag. Det er den åttande boka i rekkja for Furnes, og i boka er han oppteken av å sjå Kristus i det gamle testamentet. Høyr intervjuet her:
Liv Astrid Nyvoll var ein sjølverklært ateist. Ein dag møtte Gud henne då ho stod og baka brød ved kjøkkenbenken. Høyr intervjuet med henne på Radio Sunnmøre.
Vi har tatt ein prat med Barnevakten om eit nyare fenomen der også born legg att pengar i appen Tik Tok, for at kjendisar skal sei noko fint om dei. Høyr intervjuet med fagleg leiar i Barnevakten Kjellaug Tonheim Tønnesen.
I haustferien reiser elevar frå ulike vidaregåande skular i Ålesundsregionen på tur til Kenya i forbindelse med NSP Aid sine prosjekt. To elevar ved Spjelkavik vgs, Håkon Åsebø og Miriam Lazrek, har vore i studio for å fortelje meir om prosjektet dei er med på.
På ein familiefest på Vigra bedehus intervjua Arild Ove Halås jentene Salome Anine Vindvik Nordstrand og Oda Molnes, i tillegg til leiarane Marte Fylkesnes, Odd Kåre Nålsund og Sara Røssvik.
I vekas episode i Bibelpraten tek vi ein prat om misjonbefalinga. Kva står i Bibelen og kva betyr det for oss i dag? Vi tek ein prat med Johan Halsne og Arild Ove Halås.
10 min
About Radio Sunnmøre
From the publisher's feed
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.