Eit nytt skuleår er også i gong på Møre barne -og ungdomsskule Skodje. Vi har vore på kontoret til rektor Ingrid Kvam Steinshamn for ei lita oppdatering. Høyr meir på Radio Sunnmøre.
Det er klart for skulestart ved Ålesund folkehøgskule, ein ny haust og med nye elevar. Rektor Sven Vågen Sæther har blitt intervjua av Arild Ove Halås om dei gode elevtala, og førebuingane til eit nytt skuleår.
Etter eit år på Orreneset Misjonssenter fortel styrar Sondre Bårnes om korleis det har vore i eit intervju med Arild Ove Halås. Du får også høyre om Orrenesstemnet som skal vere til helga.
Mange born skal også denne hausten meistre og tilpasse seg i ein skulekvardag, og vi har tatt ein prat med Alfhild Ødegård som arbeidar som veileder/kognitiv terapeut for å hjelpe born som treng hjelp til dette.
I BIbelpraten denne veka snakkar vi med Johan Halsne og Arild Ove Halås om det som skjedde rundt Palmesøndag. Kva er det som står, og kva kan det bety for oss i dag?
Barnevakten har vore i USA og henta inspirasjon av organisasjonar som arbeidar med det same som dei, å hjelpe born og unge med nettevett. Høyr Leif Gunnar Vestbøstad Vik i samtale med Victor Haram.
I eit intervju med Nikolai Sundklakk fortel han frå sitt fyrste år som ungdomsarbeidar på Emblem bedehus. Arild Ove Halås gjer intervjuet.
7 min
About Radio Sunnmøre
From the publisher's feed
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.