I intervjuet med Barnevakten og fagleg leiar Kjellaug Tonheim Tønnesen, får du denne veka høyre om eit samtaleopplegg dei har laga saman med Blåkors. Namnet på opplegget er Eventyrlandet.
Denne veka får du høyre om treas nyttår, som innebærer blant anna at ein nyt mykje tørka frukt i Israel i denne perioda. Du får høyre om dette i det siste faste intervjuet med Kennet Rasmussen, Dagen sin israelkorrespondent. I 3-4 år har Radio Sunnmøre kvar veke intervjua Rasmussen om siste nytt i Israel, dette blir det no slutt på sidan det blir andre prosjekt for Rasmussen framover. Høyr meir i intervjuet.
I Brattvåg kyrkje skal Hilde Gjengedal, saman med musikalske vener, halde konsert den 15. februar. Lydkjelleren ved Sverre Walderhaug er samarbeidspartnar denne kvelden og dekker lyd og lys under konserten. Bedehusgruppa Brattvåg skal og vere med på konserten i tillegg til dei nenvte aktørane i intervjuet. Gjengedal fortel i eit intervju kven dei musikalske venane som blir med er.
Denne veka skal Marit Stokken Berland, saman med sin ektemann Jarle Berland, ha møteveke i Haugesund. I vekas kvardagsprat fortel ho også om ei kjempeoppleving på laurdagmøtet i Rogaland i helga som var.
I eit skjema IMF Sunnmøre no sender ut til sine medlemmar, ynskjer ein tilbakemelding på korleis arbeidet er lokalt der du er. Høyr meir i intervjuet med krinsleiar Johan Halsne.
Intervju, program og lokale andakter produsert av Radio Sunnmøre. Din kristne lokalradio på Sunnmøre med lokalt innhald frå hovedsaklig misjon, kyrkje og bistand.