-Det er vanskeleg å argumentere mot ei trusforestilling, seier Anne Kalvig. Ho er samfunnsdebattant, religionsprofessor og kvinnesaksaktivist frå Stavanger. Kalvig har doktorgrad i religionsvitenskap, grunnfag i sosialantropologi og to semesteremne i kjønnsstudiar. Tidlegare åtvara ho mot å lytte til "kristen-reaksjonære", men så kom transdebatten. I 2023 kom ho ut med boka "Kjønnstru - kampen om røynda", og i dag tek ho kampen, saman med dei kristen-reaksjonære om at det er kun to biologiske kjønn. Vi har tatt ein lengre prat med Anne Kalvig for å høyre hennar tankar rundt den nye kjønnsideologien, som ho samanliknar med ein ny vekkelse.