Det var eit fantastisk frammøte av rundt 300 menneske i Gomerhuset på Skodje søndag ettermiddag, då Radio Sunnmøre inviterte til ei temasamling om Sannhetens pris. Hovedgjest Dag Inge Ulstein, partileiar for KrF, delte i samtale med redaktør Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, kva det er som gjer at han vågar å stå fast på dei kristne verdiane og den kristne trua i dagens samfunnsdebattar. Han fortalde også om kva det kan koste å gjere det.
Vi fekk også ein samtale med prost Karl Johan Bjørge om sanninga i den kristne trua, og om kva som skal til for å snakke om den kristne tru som sann. Og i tillegg fekk vi meget god song og musikk av Gutane frå Sula Frikirke, og Lill-Sissel og Tom Giske frå Ellingsøya.
Det heile vart runda av med kaker, sponsa av Ålesund folkehøgskule, og kaffi som Skodje bedehusforsamling stod for det praktiske rundt.
Fleire av dei som møtte fram uttrykte stort engasjement rundt samlingas tema, og at det å vere frimodig var det fleire som meinte ein kunne bli betre på.
Vi tok ein prat med Alf Christian Grøtteland, Lars Magne Haram, Hanna Løvold, Eli Remme, Åshild Kopperstad, Dag Inge Ulstein og Arnstein Rødset.