Håvard Flo og Ivan Øy er begge æresgjester i denne episoden. Flo er med for fjerde gong, medan Øy fullbyrdar sitt hat-trick.
Dei to spelte saman i Sogndal tidleg på 90-talet, deretter blei Flo stjerne i utlandet, medan Øy blei legende i Årdal.
Me snakka med dei to om korleis dei har det i eit fotballfritt liv, det blir mimring frå gamle dagar, og kanskje dukkar det opp fleire historier om Harald Aabrekk og Felix Magath.