
Sign up to save your podcasts
Or


Me lever i eit demokrati der alle har éi stemme kvar. Men kor mykje betyr stemmesetelen når økonomisk makt er samla på stadig færre hender? Og kven er det eigentleg som bestemmer?
Då Donald Trump vende tilbake til Det kvite huset, samla fleire av verdas rikaste menn seg rundt den nye presidenten. Men kvifor støttar dei han, når politikken hans ikkje nødvendigvis er bra for økonomien eller selskapa deira? Handlar det om noko meir enn pengar, nemleg makt?
Forholdet mellom pengar og politisk makt er ikkje berre ei amerikansk utfordring. Også i Europa og Noreg veks dei økonomiske forskjellane, medan mange opplever at politikarane har stadig mindre å seia. Kva skjer med demokratiet når folk mistar trua på at politiske vedtak kan gjera kvardagen betre?
I denne samtalen diskuterer journalist og kommentator i Morgenbladet, Maria Berg Reinertsen, og historikar og forfattar Gunnar Roalkvam korleis økonomiske interesser påverkar politikken, og kva me kan læra av historia.
Kan politikarane ta tilbake styringa over økonomien? Kan sterkare forbrukarmakt, samvirke og frivillige fellesskap vera ein del av løysinga? Og kva skal til for at folk igjen opplever at det nyttar å engasjera seg?
Tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad, Tom Hetland, leiar samtalen.
Redaktør: Petter Gilsvik
Teknisk produksjon: Morten Hetland/Hetland Media
Donald Trump har vore tilbake i Det kvite huset i halvanna år. Kva har skjedd med USA i denne perioden, og korleis har politikken hans påverka resten av verda?
Mange kjenner kanskje på ei form for «Trump-trøyttheit». Trump står for stadig nye utspel, konfliktar og overskrifter, og det kan vera vanskeleg å skilja det viktige frå støyen. Samtidig får avgjerdene som blir tatt i Washington òg konsekvensar for oss i Noreg, både direkte og indirekte.
I denne samtalen prøver rådgjevar i Civita, Eirik Løkke, og politisk kommentator og vaktsjef i Vårt Land, Sigrid Rege Gårdsvoll, å sortera smått frå stort og støy frå substans.
Kva har Trump faktisk endra i USA? Kva betyr utviklinga for demokratiet, forholdet til andre land og den internasjonale verdsordenen? Og finst det grunnar til håp?
Forfattar og tidlegare nyheitsredaktør i Stavanger Aftenblad, Sven Egil Omdal, leiar samtalen.
Redaktør: Petter Gilsvik
Teknisk produksjon: Morten Hetland/Hetland Media
I ei tid prega av uvisse og «Fake News» får det ei ny tyngd å seia "Eg trur". Men kva betyr det eigentleg å tru?
Religionssosiolog Espen Gilsvik innleiar, før han leiar panelsamtalen mellom Kari Veiteberg og Sherin Khankan.
Redaktør: Petter Gilsvik
Teknisk produksjon: Morten Hetland/Hetland Media
Korleis kan me leggja til rette for eigen alderdom i ei tid der styresmaktene slit med å skaffa nok helsepersonell, og ansvaret i stadig større grad blir lagt på den enkelte?
Bustaden er for dei fleste av oss ei ramme for tryggleik og kvardagsliv, men bør ein bu den same plassen heile livet? Når livet endrar seg, kan det òg oppstå nye "bustadproblem". Kan alternative buformer – som bufellesskap for seniorar, klyngetun og små landsbyar – vera løysinga i både bygd og by?
Mangel på helsepersonell, store avstandar og behovet for gode mellomløysingar mellom eigen bustad og institusjon kan by på store utfordringar. Samtidig kan eldre òg vera ein viktig ressurs, med erfaringar, kompetanse og vilje til å bidra i eitt fellesskap saman med andre.
Panelsamtalen blir leia av John Nessa, med Inger Lise Syversen, Kirsti Lærdal, Camilla Haug Flem og Evy-Ann Øye som deltakarar.
Redaktør: Petter Gilsvik
Teknisk produksjon: Morten Hetland/Hetland Media
Kva prega den norske valkampen, og stemte me med hovudet eller magen?
Tom Hetland leiar samtalen mellom valforskar Svein Erik Tuastad (statsvitar og førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger) og historikar Eirik Løkke (rådgjevar i den liberale tankesmia Civita).
Tuastad og Løkke oppsummerer stortingsvalet 2025, og snakkar om fragmentering, polarisering og sosiale medier si rolle i demokratiet.
Du høyra om alt frå TikTok-triks og SMS-valkamp, til Erna Solberg sitt «mageplask» og korleis amerikansk politikk og kultur påverkar den norske samfunnsdebatten.
Redaktør: Petter Gilsvik
Teknisk produksjon: Morten Hetland/Hetland Media
Yama Wolasmal i samtale med Sven Egil Omdal.
Sidan han må rapportera om bomberegnet i Midtausten, er Yama Wolasmal med på link frå Tel Aviv.
Sven Egil Omdal leiar samtalen, som fann stad under midtsommaraftan-arrangementet på Kobbasteinen i Ryfylke.
Redaktør: Petter Gilsvik
Teknisk produksjon: Trond Inge Andersen/Tia Lydteknikk og Morten Hetland/Hetland Media
Gjennom heile året arrangerer Foreningen Kobbasteinen Kulturgard demokratisalongar, der inviterte gjester møtest for å bryta meiningar og leita etter løysingar på både små og verkeleg store utfordringar; både det hyperaktuelle og det heilt ukjende.
From the publisher's feed