Radio Sunnmøre

Skrivetjenesten til Åpne Dører


Listen Later

Visste du at det går an å skrive brev til forfulgte kristne? Gjennom Åpne Dørers skriveteneste kan du vere med og oppmuntre ein kristen bror eller søster i eit land langt borte. På den måten får dei erfare at de ikkje er gløymde,  og at det er nokon som bryr seg om dei og ber for dei. I dette programmet får du høyre om Taher frå Iran, som har vore arrestert for si tru. I dag lever han som flyktning i Tyrkia. Nyleg mottok han mange oppmuntrande brev frå trussøsken over heile verda. Han seier: «Eg trudde at ingen tenkte på oss, men desse korta har bevist for meg at det er mange som ber for oss.» I andre halvdel av programmet tek Olaug Lillian Bjørke deg med til Nigeria. Her får du eit sterkt møte med åleinemora Charity og hennar tre barn. Dei overlevde eit angrep på landsbyen, men det har sett sine djupe spor i dei. Gjennom Åpne Dører har dei motteke praktisk hjelp og traumehjelp, og i dag er Charity ei som sjølv hjelper andre. No har du muligheit til å sende ei oppmuntrande helsing til henne og barna. Du kan lese meir her: https://www.opendoors.no/engasjer-deg/skriv-til-forfulgte/skriv-til-charity I programmet får du elles høyre Hildegunn og Ingelin frå Garness som syng «Jesus er med deg».

 

...more
View all episodesView all episodes
Download on the App Store

Radio SunnmøreBy radiosunnmore


More shows like Radio Sunnmøre

View all
Salt by Salt Bergen

Salt

4 Listeners

Kristen-Norge by Dagen

Kristen-Norge

3 Listeners