Sogn Avis-podden

Sogn Avis-podden

By Sogn AvisNews
Download on the App Store

Sogn Avis-podden episodes

  • Lærdalsbrannen 10 år etter (2:4) - Brannmeister Guttorm Gullaksen måtte rykka ut i dress
    Brannmeister Guttorm Gullaksen var eigentleg ikkje på vakt då brannen i Lærdal brøyt ut. Med kraftig vind, kaldt og tørt vêr, straumbrot og utan mobildekning måtta han prøva å koordinera sløkking av ein brann som kjem meir og meir ut av kontroll. 
    10 år etter storbrannen i Lærdal ser Sogn Avis tilbake på den dramatiske januarnatta saman med nokre av dei som var midt oppi det. 
    Les meir og sjå bilete frå brannen på sognavis.no.
    Programleiar: Kristin Forland 

    See omnystudio.com/listener for privacy information.

    24 min
  • Lærdalsbrannen 10 år etter (1:4) - Amalie mister huset sitt
    Amalie Myrmel var 15 år då brannen i Lærdal brøyt ut natt til 19. januar 2014. Når 15-åringen får ti minutt på seg til å evakuera, er det iPad-ladar og rettetang ho vil ha med seg frå huset. Ho veit ikkje då at huset kjem til å brenna til grunnen i løpet av natta.  10 år etter Storbrannen i Lærdal ser Sogn Avis tilbake på den dramatiske januarnatta saman med nokre av dei som var midt oppi det. 
    Les meir og sjå bilete frå storbrannen på sognavis.no. 
    Programleiar: Kristin Forland 

    See omnystudio.com/listener for privacy information.

    23 min
  • Kva konsekvensar får stenginga av Lærdalstunnelen?
    Leiar for Slinde transport fryktar nattestenging av Lærdalstunnelen vil få Sogn ut i bakevja. Og vil fotballaget i Lærdal, som er avhengige av spelarar frå begge sider av tunnelen, overleva åra med tunnelstenging? 
    Prosjektsjef i Statens vegvesen, Stig Berg-Thomassen møter hovudtrenar for Lærdal/Aurland fotball, Øystein Lindesteg Rinde og Arne Slinde Ahlin, dagleg leiar i Slinde transport. 
    Programleiar er Kristin Forland. 

    See omnystudio.com/listener for privacy information.

    22 min
  • Er skisesongen øydelagt allereie?

    Er skisesongen over i det han nett har starta?

    Det er spørsmålet Sogn Avis stiller i denne vekas utgåve av Sogn Avis-podden. Me får høyra om drønnet i snøen då skredvarslaren Stian Langeland sjølv løyste ut eit skred på heile 450 meters avstand på Leikanger sist helg.

    Saman med Vetle Eriksen Dirdal frå Varsom forklarar han kva det eigentleg er som skjer i fjellet om dagen, og kvifor både erfarne og ferske skikøyrarar bør tenkja over kvar dei går i helga.

    I tillegg kjem vaktleiar Emma Barfod frå Varsom med eit heilt ferskt skredvarsel. 

    See omnystudio.com/listener for privacy information.

    26 min
  • Tjuveria på Leikanger

    Systrendingen Bjarne Sjøthun og politistasjonssjef Magne Straumstein kvarandre for å diskutera innbrotsbølgja på Leikanger og tilliten til at politiet skal få stoppa ho.

    Journalist Kristin Forland styrer ordet.

    See omnystudio.com/listener for privacy information.

    21 min

About Sogn Avis-podden

From the publisher's feed

Sogn Avis sin nyhende-podkast med aktuelle saker og gjestar.