Sogndalspraten

Sogndalspraten

By Selseng og SystaddalEducation
Download on the App Store

All Sogndalspraten episodes

  • Sogndalspraten med Markus Mohn Werner

    Markus Mohn Werner meiner ein tettstad som er god å bu i, gjev grunnlag for næring. Det første steget kan vere å fjerne eit parkeringsskilt.

    Markus er bergensar og kom til Sogndal for å stå på ski i 2007. Han jobba tolv år i Sogndal kommune og er i dag høgskulelektor i planleggingsfag ved HVL. Me snakkar om områdeplanen for Campus og underskriftsaksjonen mot den, og om kvifor han er imot cruise. Om 20 år håpar han Sogndal har funne attende til å byggje saman det ingen har råd til åleine, og at Hodlekve er blitt ein tettstad med folk heile året.

    Les artikkelen om episoden her: https://www.sognaalmenningen.no/artiklar/sogndalspraten-med-markus-mohn-werner

    Sogndalspraten er ein del av Sognaalmenningen, sjå meir på https://www.sognaalmenningen.no/

    1 hr 19 min
  • Sogndalspraten med Tore Frimannslund

    Tore Frimannslund meiner det beste med Sogndal er at du faktisk kan gjere det du vil. Han starta skimerket SGN på Leikanger i 2012, og i sommar gjekk selskapet konkurs. Konkursen kallar han det minste problemet.

    Tore er førsteamanuensis i økonomi ved Høgskulen på Vestlandet og har skrive doktorgrad om korleis gründermiljø veks fram. Me snakkar om kva gründermiljøet har gjeve Sogndal sjølv om det samla har tapt pengar, og om kvifor folk må få eigarskap til eiga utvikling. Om 15 år ser han for seg eit teknologimiljø med IT-miljøet på Leikanger, og Sogn som vinregion.

    Les artikkelen om episoden her: https://www.sognaalmenningen.no/artiklar/sogndalspraten-med-tore-frimannslund

    Sogndalspraten er ein del av Sognaalmenningen, sjå meir på https://www.sognaalmenningen.no/

    57 min
  • Sogndalspraten med Martin Hammer og Yngve Hallén

    Yngve Hallén leia Fosshaugane i 24 år. Martin Hammer har gjort det sidan 2024. Begge meiner det er folka som har bygd Campus Sogndal, og at bygga er rammene rundt dei.

    Me snakkar om korleis anlegget vart til, om Martin som jobba på campus i fleire år utan å vite om han hadde vore i tredje etasje, om helseavdelinga som blir fylt opp frå 1. november, og om kva som skal til dei neste 25 åra: fleire møteplassar og meir vekt på kvalitet.


    Les artikkelen om episoden her: Sogndalspraten med Martin Hammer og Yngve Hallén | Sognaalmenningen

    Sogndalspraten er ein del av Sognaalmenningen, sjå meir på Sognaalmenningen – Skap i lag. Snakk i lag.

    47 min
  • Sogndalspraten med Torgeir Strypet

    Torgeir Strypet har femti år med erfaring frå fotball, styrerom og leiing. I denne episoden snakkar me om Sogndal-fotballen, damefotball, unge leiarar, rekruttering og kvifor nye folk må sleppast til før ein blir tvinga til det.


    Les artikkelen om episoden her: Sogndalspraten med Torgeir Strypet | SognaalmenningenSogndalspraten er ein del av Sognaalmenningen, sjå meir på ⁠Sognaalmenningen – Skap i lag. Snakk i lag.

    39 min
  • Sogndalspraten med Rolf Navarsete, del 3 av 3

    Den første Sogndalspraten måtte vere med Rolf Navarsete. Han har vore ein del av campusutviklinga frå starten, og har ei innsikt i historia som få andre.

    Eit lisenskrav frå UEFA, ein stadion ingen hadde råd til, og fem dagar med fredsforhandlingar i 2001. Rolf Navarsete fortel korleis Campus Sogndal vart til – og kva som må til for at andre stader skal klare det same. Dette er siste av tre delar. God lytting!


    Sogndalspraten er ein del av Sognaalmenningen, sjå meir på ⁠Sognaalmenningen – Skap i lag. Snakk i lag.

    24 min
  • Sogndalspraten med Rolf Navarsete, del 2 av 3

    Den første Sogndalspraten måtte vere med Rolf Navarsete. Han har vore ein del av campusutviklinga frå starten, og har ei innsikt i historia som få andre.

    Eit lisenskrav frå UEFA, ein stadion ingen hadde råd til, og fem dagar med fredsforhandlingar i 2001. Rolf Navarsete fortel korleis Campus Sogndal vart til – og kva som må til for at andre stader skal klare det same. Dette er andre av tre delar. God lytting!


    Sogndalspraten er ein del av Sognaalmenningen, sjå meir på ⁠Sognaalmenningen – Skap i lag. Snakk i lag.

    30 min
  • Sogndalspraten med Rolf Navarsete, del 1 av 3

    Den første Sogndalspraten måtte vere med Rolf Navarsete. Han har vore ein del av campusutviklinga frå starten, og har ei innsikt i historia som få andre.

    Eit lisenskrav frå UEFA, ein stadion ingen hadde råd til, og fem dagar med fredsforhandlingar i 2001. Rolf Navarsete fortel korleis Campus Sogndal vart til – og kva som må til for at andre stader skal klare det same. Dette er første av tre delar. God lytting!


    Sogndalspraten er ein del av Sognaalmenningen, sjå meir på Sognaalmenningen – Skap i lag. Snakk i lag.

    25 min
  • Introepisode - velkommen til Sogndalspraten!

    Ein introduksjon til podcasten Sogndalspraten, ein del av arbeidet med Sognaalmenningen.no.

    Her vil du finne samtalar med folk som skapar noko, og som gjerne vil dele slik at du kan ta del.

    Podcasten er produsert på Studio Campus med Helle Selseng og Joakim Systaddal som vertar.

    Følg den gjerne, og del med nokon du trur kan ha interesse av å høyre meir.

    9 min