Sign up to save your podcastsEmail addressPasswordRegisterOrContinue with GoogleAlready have an account? Log in here.
Stao no Pao er ein podkast produsert i samarbeid mellom Sogndal Fotball og Saftkokaradn. Dette er podkasten om Sogndal Fotball frå breidde til A-lag. Den perfekte podkasten for deg som likar å følgje ... more
FAQs about Stao no Pao:How many episodes does Stao no Pao have?The podcast currently has 52 episodes available.
April 14, 2022S1 E11 OBOS-ligaen runde 2 og viktig info før Brannkampen m/Sindre MyrvangI denne episoden hadde me besøk av Sindre T. Myrvang. Me snakka om bortekampen mot Stabæk, den andre runden i OBOS-ligaen, Bryne-kampen som kjem på tirsdag og Brann-kampen på laurdag. Sindre har og ein del viktig informasjon i forkant av den kampen som du bør få med deg! God påske!...more36minPlay
April 07, 2022S1 E10 3 poeng i serieopninga og anna nyttI denne episoden kan du høyra om vår fyrste kamp denne sesongen. Me vann 2-0 mot Raufoss og fekk ein god start på sesongen. Me snakka også om dei andre kampane i den fyrste OBOS-runden, neste serierunde og bortekamp mot Stabæk, den forrige kampen til Sogndal G18 nasjonal og Sogndal FK damer....more31minPlay
March 31, 2022S1 E9 Tore André Flo om karriera, 2022 og mykje mykje meirDen lengste og mest innhaldsrike episoden til no. Var det filming når Norge fekk straffe mot Brasil i 98? Kva var den tøffaste perioden i karriera til Tore André Flo? Og er laget i rute før seriestart? Alt dette og mykje mykje meir kan du høyra når me fekk Tore André Flo på besøk i studio. Det vart ein lang og fin prat om heile karriera hans, kva han har gjort etter karriera, korleis han vart Sogndaltrenar og kva han vil gjere for å lukkast som hovudtrenar for Sogndal. Denne bør du sjekke ut!...more1h 8minPlay
March 24, 2022S1 E8 Besøk av Endre KupenI denne veka fekk me besøk av Endre Kupen i studio. Gjennom episoden kan du høyra litt om karriera til Endre, korleis status er for han no og kva tankar han har om 2022-sesongen. Han har blandt anna større tru på oss enn Brann, og målet er klinkande klart: opprykk! ...more29minPlay
March 17, 2022S1 E7 To nye treningskampar og oppdatering på nyheiter rundt Sogndal FotballI denne episoden var Martin, Sondre og Geir Marcus samla alle tre for fyrste gong. Det vart ein god prat om dei to siste treningskampane mot Vålerenga og Aalesund. I tillegg kan du høyre ein liten oppdatering på G18 nasjonal og Sogndal FK damer sine siste kampar. Det kjem også litt informasjon om kva som skjer dei neste vekene....more18minPlay
March 10, 2022S1 E6 Treningskamp mot Førde og Stryn, ny signering og resten av pre-seasonI denne episoden tok Martin og Sondre ein liten prat om dei to siste treningskampane mot Førde og Stryn. Du kan også høyra tankar om vår nye spiss, korleis pre-season har vore so langt og korleis resten av pre-season blir for gutta våre. ...more23minPlay
March 03, 2022S1 E5 Erling Ola Fykse og utviklingsavdelingaDenne veka var Sondre Bremer fortsatt vikar for Geir Marcus. Han og Martin fekk besøk av Erling Ola Fykse frå utviklingsavdelinga til Sogndal Fotball. Gjennom ein informerande og opplysande prat får du høyre mykje om fotballivet til Erling Ola, og om utviklingsavdelinga i klubben. Her får du eit innblikk i korleis dei jobbar i kvardagen og kva utviklingavdelinga består av....more27minPlay
February 24, 2022S1 E4 Oppsummering av treningsleir og Sogndal FK damer sin fyrste kamp m/Sondre BremerDenne veka fekk Martin besøk av Sondre Bremer som vikar for Geir Marcus. Dei hadde ein god prat om Sogndal sin kamp mot Strømsgodset, oppsummering av treningsleiren, den neste treningskampen mot Aalesund, Sogndal FK damer sin fyrste offisielle kamp og sesongen deira. ...more22minPlay
February 17, 2022S1 E3 Terje Teigen og marknadsavdelingaI denne vekas episode har me fått besøk av Terje Teigen i marknadsavdelinga til Sogndal Fotball. Fyrst kan du høyra Martin og Geir Marcus sine tankar om treningskampen mot Kongsvinger. Når Terje kom på besøk til studio hadde me ein god prat om marknadsavdelinga i Sogndal Fotball og kva roller Terje har i klubben....more31minPlay
February 10, 2022S1 E2 Øyvind Heimset Larsen og SaftkokaradnEpisode 2 av Sogndal Fotball og Saftkokaradn sin podkast. I denne episoden fekk me besøk av vår fyrste gjest, Øyvind Heimet Larsen, leiar for Saftkokaradn. Me snakka om korleis status er for Saftkokaradn i dag, litt om korleis laget ligg an, kva som skal skje i 2022 og mykje meir. Du får også moglegheiten til å bli betre kjend med Øyvind gjennom ein god fotballprat....more20minPlay
FAQs about Stao no Pao:How many episodes does Stao no Pao have?The podcast currently has 52 episodes available.