Ingvald Frøyen gjestar sendinga. Om å vere tilstades for folk frå Mali til Haukedalen. Raspeballen si historie får nye vers og julefreden senkar seg over Kardemomme.
Gjesten vår Martha Angedal har opna kaffibaren Kardemomme på Sørsida i Førde. Om å starte opp i koronatida - urbant og folkeleg. Konkurranse i blinde, ballj og triveleg stemning på kaffibar.
Første onsdag i advent med lystenning og metallisk rock. Kjetil Andreas Håheim Nydal er ein allsidig gjest med dragning til musikk og flaue historier. Sigbjørn syng om Texas i Førde og Hans Jakob prøvar seg på svartmetall.
Rolf Sanne-Gundersen som gjest. Han lovprisar Førdepakken, men slit med å få plassert den nyimporterte adventstjerna. Song om yttersvingane på E39 og gourmetmiddag som kviss-premie.
Skribent Terje Lyngstad som gjest i sunnfjord-halvtimen. Om bokslepp, teaterliv og lange løp. Sigbjørn spelar muse-medly og Remi-TV boblar over av ulydar. Larris i kikkerten.
Ein leik å ha Torill Faleide som gjest. Frå Førdefestivalen til volleyball, frå isbadet sin kulde til vindkrafta sin varme. Og Sigbjørn tek ein sopptur.
1 hr 5 min
About Sunnfjord-halvtimen med Hans Jakob Reite
From the publisher's feed
Borar han hol, eller berre justerar han ein skrue? Ein podkast med kulturell slagside!