I den nye episoden av "Ting frå Jærmuseet" skal vi dykke ned i ein litt annleis og ganske farleg del av norsk historie – noko som ikkje vert snakka så mykje om: kvardagen til dei norske militærflygarane under den kalde krigen. Denne tida forma ikkje berre forsvaret, men òg dei som sat i cockpit og flaug dei raskaste og mest moderne flya vi hadde.
For å kaste lys over denne litt skjulte sida av historia, har vi med oss Sondre B. Hvam. Han har intervjua heile 82 flygarar – og i dag får du møte ein av dei, her i studio. Sigfrid Hernes var ein av desse flygarane, og han fortel om kvardagen, kameratskapet – og dei dramatiske møta med sovjetiske bombefly i norsk luftrom. Og det skjedde altså i fredstid.
Visste du forresten at det på 1950-talet var heile 95 alvorlege flyulykker med militærfly? Minst 116 menneske i Forsvaret omkom – dei fleste av dei var flygarar. Om du tenkjer på det, betyr det nesten éin flygar som døydde kvar einaste månad, gjennom heile tiåret.
Musikken er frå Upright Music.
Programleiar og produsent: Christian Gilsvik.
"Ting frå Jærmuseet" er produsert av Screen Story for Jærmuseet.