Sign up to save your podcastsEmail addressPasswordRegisterOrContinue with GoogleAlready have an account? Log in here.
Avisa Hordaland podkastar nytt frå veka som var og held deg oppdatert på det som har skjedd i Voss herad og traktene kringom. Hosted on Acast. See ... more
FAQs about Veka som var:How many episodes does Veka som var have?The podcast currently has 30 episodes available.
January 18, 2020Formannskapsmøte i nytt herad, kompromiss og tung materie...Voss herad starta det politiske 2020 med formannskapsmøte, der etikk og varsling sto høgt på agendaen. Iril Schau Johansen hadde varsla innspel om varsling, men vart einsleg svale då det skulle røystast. Etikk er vedteke å vera viktig i heradet framover, men korleis gjennomfører ein gode intensjonar? Barnehagen på Bolstad byrjar livet i brakkerigg frå hausten, men vil han havna i gamleskulen etterkvart? Politisk kommentator Rolf Tepstad tek deg med inn i starten på det politiske året i heradet.Bjørn Sandnes ser nærare på saka om arbeidsmiljøet i barnevernet på Voss. Det er blant det tyngste ein kan arbeida med, tykkjer han, og gjev all ære til dei som trør til når familiar har det som verst. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more19minPlay
January 11, 2020Klimaendring, nynorskframtid og FBK VossKlimaendringar kjem me til å merka meir av frametter, meiner forskarane. Ein av dei gjestar podkasten denne veka for å fortelja meir om kvifor CO2 er så viktig i klimasamanheng. Ingvild Bryn har vore språksjef i NRK eit par år, og har no nådd målet om 25 prosent nynorsk i mediehuset. Men kva trur ho om nynorsken si framtid? Til slutt prøver sportsjournalistane Samuel Sandvik og Ørjan Brattetveit å finna ut kvar fotballherrane til Voss bør sikta seg inn på tabellen. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more27minPlay
January 04, 2020Opposisjonelt besøk, kulturglede og Sjur de Ski!Høgre-politikar Iril Schau Johansen er store delar av opposisjonen i heradet i kommande periode. Ho gjestar podkasten, og let oss få innsyn i kvardagen som fritidspolitikar.Kulturjournalist Nils Kvamsdal kjem innom og fortel om det rike kulturlivet i heradet, og kva han gler seg til no når hjort vert til fele i heradssymbolikken.Til slutt avrundar sportsjournalist Ørjan Brattetveit med siste nytt om vår mann, Sjur Røthe, i Tour de Ski. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more31minPlay
December 28, 2019Jazz-sjefen gjestar podkastenRedaktør Geir Geitle hastar innom studio for å minna om at avisa gjev deg kavalkade over året som har gått i avisene som kjem frametter. Det er mykje å ta av, synest han, og peikar på at året byrja med storbrann i Bavallen.Politisk kommentator Rolf Tepstad oppsummerer det kommunalpolitiske året 2019, som gleda han med mykje god gjennomslagskraft for folkeopprør i vossebygdene.Trude Storheim er jass-sjef på trettande året, og viser veg gjennom programmet for Vossa Jazz, som i palmehelga 2020 skal haldast for 47. gong!Den uniformskledde trioen Ole Morten Bakketun, Elin Seim og Ivar Hellene gjestar oss for å mana til merksemd og omtanke no når fyrverkeriet snart skal sleppast til vers, og Ørjan Brattetveit spår vossa-suksess i monsterbakken i Tour de Ski. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more52minPlay
December 21, 2019På tur med himmelekspressen...I veka som var fekk me avgjerda i erstatningssaka for dei som bur under gondolen. Det kom og fram kvifor forvaltinga meiner Vossolaksen bør klara seg sjølv, kven som tener mest i heradet og at skit kan vera gull verd når han kanskje vert biogass på Voss om nokre år. Panelet med redaktør Geir Geitle og politisk journalist Rolf Tepstad greier ut.Stine Strand Carlsen har dykka ned i krisa rundt barnevernet på Voss. Arbeidsmiljøet gjer dei tilsette sjuke, og heradet løyser dei akutte problema i høgtida med konsulentar. Men korleis tek me oss best av borna som treng vern framover, undrar me?Til slutt er soknepresten på Vossestrand, Cato Torsvik gjest i podkasten. Han tek oss med på køyretur i soknet, og den tidlegare ambulansesjåføren held "himmelekspressen" på vegen med stø hand. Men om hendene er støe så har han likevel klart å køyra seg vekk i Jordalen, kan han fortelja. Det, og at kyrkja på Vinje står feil veg, er blant mange oppsiktsvekkande ting me finn ut av på den kyrkjelege køyreturen denne veka. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more52minPlay
December 14, 2019Kanskje kjem kongen...Det vert temperatur i studio når panelet, som er vane med å snakka om ordføraren, får besøk av ordføraren. Redaktør Geir Geitle og journalistane Rolf Tepstad og Bjørn Sandnes har alle kryssa penn tidt og ofte med ordføraren, og diskuterer tema som barnehage på Bolstad, legekontor i Granvin, openheit i kommunen, korleis ordskiftet bør vera og økonomi no når me vert Voss Herad.Politisk journalist Stine Strand Carlsen er innom med siste nytt frå det historiske siste kommunestyremøtet i Voss, og sportsjournalist Ørjan Brattetveit spår vossa-suksess i skiløypene denne helga og! Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more58minPlay
December 07, 2019Jolestemning i avishusetDenne veka kom dommen i odelssaka på Løno. Geir Løne får halda fram på garden, mens eldstemann Lars og odelsretten står att utan gard. Panelet innehaldande redaktør Geir Geitle, journalist Karl Ystanes og Helge Søfteland diskuterer avgjerda. Denne veka kjem og Rolf Tepstad innom for å greia ut om kommunestyremøtet som skulle til topps men aldri kom avgårde frå start, Ørjan Brattetveit spår meir suksess i skisporet, og Terje Hjartnes og Bjørn Sandnes rundar av veka på musikalsk vis. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more24minPlay
November 30, 2019Til laks åt alle kan ingen gjera ...Denne veka kom det fram at Voss klekkeri kan verta lagt ned. Det vil vera slutten for vossolaksen meiner mange, og panelet diskuterer saka i dag. I veka starta og odelsrettssaka om garden der Smalahovetunet held til på Løno, og me får høyra meir om saka her. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more22minPlay
November 23, 2019Barnehage, grendeutval, økonomi og ski ...Bolstad får barnehage, grendeutvala har trang fødsel, skisesongen er i gang og Liverpool vert kanskje seriemeistrar slår redaktør Geir Geitle, politisk kommentator Rolf Tepstad og Helge Søfteland fast i denne podkasten. Sportsjournalist Ørjan Brattetveit kjem innom for å la oss høyra det siste om dei lokale skistjernene før verdscupsirkuset set i gang. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more24minPlay
November 16, 2019Kor mange er det plass til i ekstrembygda?Redaktør Geir Geitle har òg eit godt turtips til lyttarane i denne podkasten, der han sit i studio med reiselivsjournalist Bjørn Sandnes og Helge Søfteland. Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information....more20minPlay
FAQs about Veka som var:How many episodes does Veka som var have?The podcast currently has 30 episodes available.