Dei aller fleste av oss er lukkelege for å få koronavaksine, men for nokon fekk stikket alvorlege følgjer.. 77 har kravd erstatning - no er dei første tre sakene avgjort. Meir om det straks her i Nyheitsmorgon. Kanskje har du brukt ditt siste plastsugerør? No kjem alternativa - mellom anna i papir. - Ha litt tolmod med oss, ber matbransjen, som lovar betre alternativ etterkvart. Hugsar du trygdeskandalen? Der NAV feilaktig kravde tilbake pengar frå trygdemottakarar som oppheldt seg i utlandet - fleire vart også dømde til fengsel. I dag får vi Høgsterett si nye, og endelege vurdering av saka. Har du lasta ned appen Poparazzi? Om svaret er nei er du nok ikkje så ung og lovande lenger.. Men ikkje fortvil - her i Nyheitsmorgon får du vita alt om den nye bildedelingstenesta, som det viser seg faktisk kan vera ulovleg. I studio i dag: Silje Sande. Hør episoden i appen NRK Radio