
Sign up to save your podcasts
Or


Vi rawdoggar første episode og kjem med våre udokumenterte og uopplyste meiningar og dei fire første landa i ESC 2025. Vi startar oss i varmare strok og besøker Albania, Slovenia, Montenegro og Hellas. Marvin Wiseth (katten, ikkje ordføraren) er gjest.
No snakkar vi! -24 er eit sterkt år, og no kjem vi til crême de la crême, inkludert eit overraskande antal frå dei fem store, og eit ikkje overraskande antal estiske bidrag.
Spørsmålet er: Er det mest keisamt å høyre på noko vi ikkje likar, eller noko som er litt sånn meh? Hanne og Lars går gjennom 24.-13. plass på årets rangeringsfasit, og så kan de sjølve vurdere kva som er mest provoserande. Og hugs: Vi har rett, og de tek feil, med mindre de er samde med oss.
Vi tel ned årets 36 bidrag, og byrjar sjølvsagt på botnen, der vi i år finn mykje badedrakt og kahoinkers. Kven stikk av med den tvilsame æra av å vere den mest bedritne songen i år?
Seks veker for seint kjem denne episoden, men frykt ikkje, for vi skal likevel rekke å kome gjennom alle bidraga før årets ESC!
Er det ikkje rart at det kvart år dannar seg nokre "tema", tilsynelatande spontant? I starten av kvalifiseringssesongen i år var det påfallande mange heksete songar som melde seg på, og du treng ikkje be Lars to gongar om å støtte den trenden! Men er Hanne like entusiastisk? Hint: Det norske bidraget ER Trondheimsbasert, og det let som regel bra i eit par øyre frå Nardo.
Hanne har tydelegvis blitt bestefar sidan sist, og Lars sympatiserer med Erdoğan. Har podcastvertane våre gått heilt av skaftet? Følg med, og få litt Albania, Tsjekkia og Frankrike på kjøpet.
Pust, pes, kjem vi i mål i tide? Lamminga dreg ut og Kanne Kalse er 50% sjukmeld, og vi hastar framover med tre av dei sju attståande bidraga.
Armenia, Aserbajdsjan og Georgia leverer ein mildt sagt blanda potpurri med flagrande friassosiert heksemusikk, SoMe-kritisk trendy morsmålsrap og... earwormpop? Sjangervåsalarm og meir livsvisdom frå folk som ikkje er gamle nok til å leige ein bil. Kaukasus er dagens destinasjon og Hanne og Lars er som vanleg klare med sine friassosierte tankar om det dei leverer. Thing is known.
From the publisher's feed