
Sign up to save your podcasts
Or


Hanne skulle ønske at Lars var freestylerappar. Lars skulle ønske han var litt meir prinsippfast. Athena skulle ønske ho var Beyoncé, men alle kan ikkje få viljen sin heile tida.
Vi prøver på vårt fattige vis å oppsummere og samanfatte karrieren til den største norske MGP-artisten gjennom tidene. Vi ser på alle bidraga til Jahn Teigen og minnest ei kjempe i norsk musikkliv.
Kva får du viss du klistrar godterilepper på ei ung Anastacia og skrur volumet til maks samt tida tilbake åtte år? Svaret får du i dagens 12 poeng!
Hanne avslører sin mørke fortid som karatestjerne og Lars avslører løyndomen bak sin imponerande fysikk. Og Tsjekkia har hatt Tidenes Mest Kompliserte nasjonale finale. Klar for litt angolesisk pop? Here we go!
Spania har internutvalgt eit drops av ein mann til årets ESC (lurt), og slepp deretter songen på TikTok (ikkje lurt, det var jo berre flaks at nokon over 14 fekk det med seg). Er Universo bra, eller har Blas Cantó det berre i eksteriøret? Følg med for å få svaret. Spoiler alert: Usemje internt i 12 poeng om kvaliteten på låta! Kven trur du seier bu og kven seier puh?
Vi startar for alvor på 2020-sesongen med eit ganske typisk bidrag frå Albania: Ropedame i lakk og lær. Det ryktast at songen skal omsetjast til engelsk, så sans mormålspoeng, er det då noko positivt å seie om Arilena?
Lars byrjar bli trøytt av det som har vist seg å vere ein underveldande MGP-sesong, medan Hanne heltemodig prøver å sjå det positive i "melodiane" frå Nord-Norge.
Vi ynskjer vår første gjest velkommen til 12 poeng og snakkar om nok ei delfinale i MGP 2020. Er denne litt meir nyskapande enn dei førre tre? Hugs å kome med tilbakemeldingar til [email protected] eller i talepostkassen vår på https://anchor.fm/12poeng/message
From the publisher's feed