Ragnhild Sælthun Fjørtoftane i Albania er ikkje heilt som våre. Lars "gleder" publikum med facts som er fun for veldig få. Hanne gjer eit forsøk på å kondensere lange wikipediaartiklar.
Vi presenterer den hittil lengste miniepisoden med det hittil første lyttarspørsmålet! Kontroversielle utsegn står i kø i denne storpolitiske episoden som dessutan inneheld uventa og upassande caps lock.
Extra extra read all about it: Underdogen i Baltikum sender smukkas til ESC. Hanne har ikkje lært noko så langt, men har gode idear til t-skjorter. Lars har gode råd for å overleve i naturen.
Vi besøker det vesle landet som så gjerne vil, og har funne motstridande informasjon om tidlegare bidrag. Klarer vi å bli einige? Klarer Hanne å finne sjangeren? Veit Lars forskjellen på Montenegro og Makedonia? Den som høyrer får svar!
Er englevengjer til hjelp eller ulempe i ESC? Kva med bleika tenner? Ei viss usemje råder i 12 Poeng-redaksjonen. Hanne avslører sin eigentlege identitet, og Lars blørtar ut namnet på sin eigen anonyme son og må fram med sensurpipet for første gong.
Vi får ta del i den via dolorosa som er Austerrike si mistrøstige ESC-karrière. Lars kjem ikkje på namnet Přiklopil. Hanne har meiningar om tatoveringar. Ein rånar køyrer forbi.
Söta Bror er ei stormakt i ESC, men går vi mot slutten av ein æra? Vi vurderer Caråla sine merittar, Lars kremtar ein del (beklager) og Hanne har lagt ein plan som vil gjere denne podcasten umogleg å gjennomføre.
Vi helser på dei pølsespisande og bitterdrikkande naboane våre i sør. Lars fortel om ein surpomp og gledesdrepar av ein TV-sjef, og Hanne deler danske kraftuttrykk ho har lært på Matador. Bonus: Sesam Stasjon-referanse.
Vi tek mykje av æren for Romanias beste resultat heim til Noreg. Lars har uttalte problem med rumensk ortografi. Hanne har sansen for å samle makt hjå få heller enn mange.
Er Latvia sitt bidrag omfatta av Genevekonvensjonen? Likar Lars borrelåsklede? Kan Hanne mykje om Internett? Svaret på dette og meir i dagens miniepisode!
23 min
About 12 Poeng
From the publisher's feed
Hanne og Lars presenterer Norges beste podcast om Eurovision Song Contest og Melodi Grand Prix!