12 Poeng

12 Poeng

By 12 PoengMusic
Download on the App Store

12 Poeng episodes

  • Miniepisode: San Marino 2019
    Vi vurderer sjansane til middelaldrande programleiarar i ESC, Hanne avslører mellomnamnet til Lars og vi er generelt usamde. Siste miniepisode i Semi 1, vi kjem tilbake over påske med meir glam og glitter!
    21 min
  • Miniepisode: Hellas 2019
    Vi diskuterer likørar, Lars gjer sitt beste for å imitere Elena Paparizou, og Hanne vil at Svalbard skal bli med i ESC, men gløymer kvar Celine Dion kjem frå. Kontakt oss gjerne på Twitter eller Instagram @12poeng eller på e-post [email protected].
    13 min
  • Miniepisode: Portugal 2019
    Kvifor seier Lars "på Portugal"? Kva har ein sexsjappeekspeditør til felles med Björk? Kva land har Hanne ikkje vore i, eigentleg? Denne episoden gir kanskje fleire spørsmål enn svar. Spørsmål og svar til oss kan rettast til Instagram eller Twitter @12poeng eller til [email protected]
    24 min
  • Miniepisode: Estland 2019
    Forventningane er alltid litt høgare til landet som gav oss Rändajad og Kuula. Greier estarane å innfri? Grunna tekniske problem er dagens episode både litt forseinka og har dårlegare lyd. Skjenn kan sendast til @12poeng på Twitter eller Instagram, evt pr. post [email protected].
    19 min
  • Miniepisode: Island 2019
    Hanne har tenkt på noko, og det fører jo aldri til noko bra. Lars prøver seg på đ og þ, og vi blir så himmelfalne over eit ålreit nordisk bidrag at vi tøyer begrepet "miniepisode" til bristepunktet. Kontakt oss gjerne på Instagram eller Twitter @12poeng, eller på e-post [email protected]
    25 min
  • Miniepisode: Australia 2019
    Vi slenger ein shrimp on the barbie og besøker heimlandet til salties, livsfarlege insekt og Kate Miller-Heidke: Irland? Nei, Hanne, Australia. Klagene på kor teite me er i denne episoden kan leverast på Twitter eller Instagram @12poeng eller på e-post [email protected]
    21 min
  • Miniepisode: Georgia 2019
    SoMe-ansvarlig Hanne vurderer å logge på Twitter for første gong. Lars rettar på georgisk uttale. Og dessutan: Er Sør-Ossetia eit eigna feriemål? Svaret får du i dagens episode. Vi er på Twitter og Instagram @12poeng. Vi har også e-post: [email protected]
    20 min
  • Miniepisode: Tsjekkia 2019
    Djupe nedturar og ein ganske høg opptur pregar Tsjekkia si ESC-historie. De får gleda av å høyre Lars recappe eit utval av tidlegare bidrag med ikkje-vekk-ungane-stemme, og Hanne lærer om ein ny musikksjanger. Vi vurderer òg britiske aksentar. Har du spørsmål eller tilbakemeldingar? Prøv dei nye og freshe appane Instagram eller Twitter @12poeng eller send elektronisk post til [email protected]
    16 min
  • Miniepisode: Polen 2019
    Lars minnest ei av dei meir obskure syngedamene han var oppteken av i puberteten. Hanne får bruk for erfaringar med bulgarsk damekormusikk. Og kva er det motsette av Aretha Franklin si stemme? Ta gjerne kontakt med oss @12poeng på Twitter eller, som ungdommen seier, Insta. Eller send oss eit lite brev på [email protected].
    21 min

About 12 Poeng

From the publisher's feed

Hanne og Lars presenterer Norges beste podcast om Eurovision Song Contest og Melodi Grand Prix!