3 x Hjeltnes

3 x Hjeltnes

By SPRiLTComedyNews
Download on the App Store

All 3 x Hjeltnes episodes

  • Smalahovesleppet på Meieriet

    Det er Smalahoveslepp på Voss og Hjeltnes-brørne held førfest på Meieriet med gode gjester!

    Bryggerimeister Rune Midttun kjem med passande lesk, og me lærer kvifor Kåre Kolve blei så flink til å spela saksofon.

    Smalahovekongen Geir Løne kjem sjølvsagt innom. Mor Andi snakkar om Smalaauksjonen og har tips til korleis du skal gå laus på eit hove.



    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    42 min
  • Ei god stund før jol (i Gamlekinoen!)
    Live i frå Gamlekinoen på Voss! Me ringjer ei vassekte sportslegende, sjekkar ut tomme flasker med gin og smakar på jolaøl. Vibrerande NRK-vignettar med naboguten Ivar Kolve vert det også, og mor Andi har sjølvsagt sitt å sei om jola. God jol allesaman!

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    54 min
  • Kølla og ein stiv ein frå fjorden
    3xHjeltnes tek med seg legendariske Kølla & The Tommentotts til slekt og vener på Brakanes Hotel i Ulvik. Nils Lekve som lagar supert brennevin av eplene og morellene sine er sjølvskriven gjest. Mor Andi er i hovudstaden og rapporterer heim.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    48 min
  • Då Jimmen og Knut var rockarar

    Eirik «Jimmen» Helleve, rockar og museumsbestyarar mimrar saman med Knut om stordomstida til den frie punken på Voss og alle dei snodige banda som var med på VM i Rock.

    Me smakar på sider frå Bleie. Vossarebels er med igjen og Twang Gang kan nokre av dei gamle låtane.

    Medan mor Andi har to gardbrukarheltar ho vil hylla og senda folk på tur til Tørvikbygd.

                    


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    41 min
  • Skigutane spesial

    3xHjeltnes er med på festen når hjørnesteinsverksemda Skigutane feirar 30 år med tull og tøys.

    Du møter to glimrande Vossaband; Vossarebels og Twang gang saman med Hans Engelsen Eide, Øyvind Lauritzen, Erik Hegbom og Kari Traa frå Skigutane.

    Mor Andi fortel om skileik då ho var yngre.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    51 min
  • Ei god stund for jol (og ein tynn ein og)
    3 x Hjeltnes samlar publikum med jolasong og godt humør på Voss. Lensmannen kjem og snakkar fotball. Nordens beste vinkelner Fransesco og filmregissør Frode Fimland er gjester.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    50 min
  • Me tek sumarferie, men kjem att til hausten.
    3 x Hjeltnes tek ein velfortjent sumarferie. Me kjem att til hausten. Kos deg med eit lite høgdepunkt frå året med Dagfinn Iversen og Jon Hørnevik - Pelsdyrkonsulent. Me er attende i august.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

    3 min