Sign up to save your podcastsEmail addressPasswordRegisterOrContinue with GoogleAlready have an account? Log in here.
Kva hende på Moster i 1024? Var det her Olav den heilage og hans biskop Grimkjell overtyda nordmenn om at kristendomen skulle vere den einaste tillate religionen i Noreg? Var det her dei grunnleggande... more
FAQs about Anno 1024:How many episodes does Anno 1024 have?The podcast currently has 8 episodes available.
March 11, 2024Biskop GrimkjellGrimkjell var ein av biskopane som var ein del av fylgjet til Olav den heilage. Grimkjell hadde truleg ei sentral rolle då kristenretten vart satt på Mostertinget, men var også ein viktig bidragsytar i olavskulten som utvikla seg i etterkant av Olav sin død. «Uten Grimkjell, ingen Hellig-Olav», har det blitt sagt. Men kva veit vi eigentleg om denne Grimkjell, og kva for kjelder har vi til livet hans? Ein samtale mellom dei to mellomalderhistorikarane Steffen Hope og Torgeir Landro....more1hPlay
October 10, 2023Kva med samane i 1024?Kva følgjer fekk religionsskiftet i Noreg ikring år 1000 for samane? Dei vart ikkje tvangskristna, i staden vart den felles samiske identiteten sterkare i møte med den nye kongemakta. Ein samtale med førsteamanuensis Miriam Tveit ved Nord universitet, og professor i arkeologi ved Universitetet i Tromsø, Bjørnar Olsen....more1h 2minPlay
September 16, 2023Ulovleg seksualitet før og etter kristningaEndra synet på seksualitet seg etter kristninga på 1000-talet? Ære og skam i det norrøne samfunnet møter den kristne synda. Om synd, onani, ekteskap og skilsmisse. Om korleis synet på kroppen var vanskeleg å forstå på tvers av dei to religionane. Øystein Morten samtaler med dei to mellomalderhistorikarane Bjørn Bandlien og Anne Irene Risøy. ...more1h 2minPlay
September 15, 2023Barneutbering, barsel og kvinners kårReligionshistorikaren Gunhild Røthe og Øystein Morten samtaler om dei konkrete skikkane og reglane som styrte folkereligionen før og etter kristninga med fokus på barneutbæring, magiske ritual ved fødsel, barsel (barns øl), Maria-graut og kvinnekroppen etter fødselen i kristen tid....more43minPlay
September 08, 2023Kva trudde folk i Noreg på før og etter 1024?Kva skjer med eit samfunn som skifter religion? Denne episoden handlar om religionen i Noreg før og etter 1024. Om kultens rolle i det gamle norrøne samfunnet og kva som skjedde då ein internasjonal frelsesreligion sveipte over landet. Synet på menneska endra seg, naturen endra seg, oppfatninga av tida endra seg, men mykje vart òg med over i den nye trua, mellom anna synet på øldrikking som noko heilagt. Ein samtale mellom religionshistorikaren Gro Steinsland og teologen Torstein Jørgensen. Samtalevert er mellomalderhistorikaren Anna Elisa Tryti. ...more1h 6minPlay
August 30, 2023Kristninga som ei hending i Knuts NordsjøimperiumDen engelske mellomalderhistorikaren Timothy Bolton meiner at eit dødsfall i England i 1023 kan ha ført til innføringa av kristenretten i Noreg året etter. Han peikar òg på at heilagegjeringa av Olav Haraldsson nokre år seinare handla om politisk propaganda arrangert av Knut den mektige. Samtalevert er den kjente svenske mellomalderhistorikaren Anders Winroth....more59minPlay
August 23, 2023Kva skjedde på Moster?Det står skrive at Heilag Olav og biskop Grimkjell stadfesta kristenretten på Moster. Gjestene professor Torgeir Landro og professor Anders Winroth samtaler seg gjennom kjeldene til hendinga. Kan hende var kristenretten langt mindre og enklare enn kva folk trur. For Olav og Grimkjell måtte rette seg etter det samfunnet dei møtte i Noreg på 1020-talet. Samtalevert er Øystein Morten ...more58minPlay
August 15, 2023Kristendommen frå Romarriket til MosterProfessor i middelalderhistorie Anders Winroth og religionshistorikar Øystein Morten i samtale om kristen påvirking i Skandinavia frå 400-talet av og kvifor danske og norske konger selv ønskte å bli kristne på 900-talet. Du får også høyre om vikingkongane Olav Tryggvason og Olav Haraldsson og korleis den vesle øya Moster vart så sentral i norsk historie. ...more59minPlay
FAQs about Anno 1024:How many episodes does Anno 1024 have?The podcast currently has 8 episodes available.