I dag byr vi på eit eksklusivt blikk inn i verkstaden til tre framståande forfattarar, to av dei med ein Nobelpris på peishylla. Dei kjem med bøker der dei generøst deler med oss lesarar korleis skriv -og les- litteratur.
Orhan Pamuk er den eine, han skal vi kome tilbake til, først ut er den svenske poeten Thomas Tranströmer og den amerikanske kollegaen hans Robert Bly. I boka Air mail. Brev 1964-1990 følgjer vi ei brevveksling og eit vennskap gjennom dette tidsrommet.
Ord som brevveksling og luftpost er jo i ferd med å bli museale, men den langsomme transatlantiske dialogen pr brev er på ingen måte det. Hør episoden i appen NRK Radio