
Sign up to save your podcasts
Or


Vårt håp som kristne er 100% knytta opp til den oppstandne Jesus Kristus. Ja, det står rett ut at Kristus er vårt håp, og fordi han det er 100% sikkert at han lever, er vårt håp også 100% sikkert.
Det hender me møter kristne som er varmare og har ein større iver enn andre. Det er forfriskande og fornyande. Det handlar denne refleksjonen om. I bønnedelen møter du dei marokkanske arabarane i Marokko.
Mykjer av det eg las i dette avsnittet førte tankane mine til historia om Jesu liding, død og oppstode.
Når me hevdar Guds lover, blir me eit problem for folk, og me får problem med folk. Då er det viktig å kvila i Guds ord og ha fokus retta mot Jesus.
I dagens podkast kan du høyra om kor avhengig me er av at Gud opnar Skriftene for oss, anten det er rett forståing av Guds lover eller hans løfter. Så ber me for fulanifolket i Nigeria, eit frontierfolk som er heilt avhengig av ekstern misjon for å bli frelst.
Først ser me på kjernebodskapen i Johannes 1,1-14, så ber me for alle som overset Bibelen til nye språk slik at dei kan bli kjent med Jesus og begynna å tru på han, verdas frelsar.
Guds ord har verdi på fleire måtar. Det fører oss til Gud, var skapar og Far, som er opphav til all rikdom, det kommuniserer Guds vilje til oss og dersom folk flest respekterer Guds lover, om enn berre i det ytre, sparar samfunnet enorme verdiar.
I dag ber me for Jemen, det krigstrøytte landet sørvest på Den arabiske halvøya.
Å halda stien sin rein er å leva slik at ein alltid har det rett med Gud og sin neste, at ein lever som eit ærleg og rettsindig menneske. Det kan me ikkje gjera utan å kjenna Guds ord og ha Den Heilage Ande.
I denne episoden går eg gjennom fem vers frå Salme 119 som handlar om å vera heilhjarta og ærleg i all si ferd, og at Guds gode bodord er perfekt tilpassa menneskelivet slik det eigentleg er. Å følgja dei gjev stor gevinst. Så innheld episoden bøn for dei arabisktalande arabarane i Algerie, det stakkars landet Venezuela og ein forfølgd baptistleiar i Myanmar som heiter dr.Samson.
From the publisher's feed