Bibelpoden

Bibelpoden

Download on the App Store

Bibelpoden episodes

  • Når alt blir nytt

    Når me trur på Jesus lever me sameint med han. Dette er nesten ikkje til å forstå. Men det er stort. Det gamle syndige livet er borte, og livet med og for Jesus har starta. 

    11 min
  • Jesus rir inn i Jerusalem

    Denne teksten seier oss at Jesus er Israels sanne konge. Han er Messias, frelsarkongen i eigen høge person. Han skal hyllast av store og små, og alle skal få vita at i påska år 33 vart vegen inn til Gud opna for heile menneskeslekta. 

    8 min
  • Kong Jesus rir inn i byen sin

    Jesus er Israels konge, og han er verdas store konge. Han kom for å undertrykka dei store fiendemaktene, synda, døden og djevelen. Grunnlaget for den endelege sigeren over alt dette la han påska i år 33. Når han kjem attende for å dømma levande og døde, vil me sjå den fulle konsekvensen av det som hende denne påsken. 

    29 min
  • Salme 105,8-15

    Guds pakt med Israelsfolket (jødane) og den nye pakta i Jesus som omfattar alle Jesustruande i heile verda, er to forskjellinge pakter, men begge er gyldige fordi dei er evige. 

    8 min
  • Salme 105,5-7

    Guds lover er gode, og dei gjeld over heile jorda, les me i dagens tekst. Alle nasjonar som formar lovene sine i harmoni med Guds lover i Bibelen kjem godt ut av det. Det gjer den enkelte av oss også dersom me anerkjenner Guds lover som gyldige for liva våre og strekker oss etter å oppfylla dei. 

    11 min
  • Salme 105,1-4

    Kva skal kristne halda på med? Prisa Jesus og gjera hans gjerningar kjende mellom folka. I Salmane finn me eit sterkt misjonsperspektiv, mellom anna i dette avsnittet. 

    6 min

About Bibelpoden

From the publisher's feed

Her finn du bibelrefleksjonar, talar og betraktningar.