
Sign up to save your podcasts
Or


Paulus takkar Gud som hadde gjeve han tillit til å stå i teneste. Guds frelse er ei gåve me får ved trua på Jesus. Men me får meir også: me blir betrudd ei teneste for evangeliet. Gud viser oss ufortent tillit. Det er noko av det denne talen handlar om.
Me les om ein del skuffa folk i Bibelen. Stadig ser me korleis skuffelsane resulterte i hat og fiendskap. Me må for all del finna vegen ut av skuffelsens hengemyr.
Timoteus var Paulus sin næraste medarbeidar, ein mann han kunne stola 100% på. Heil ved, kallar me det. Timoteus skulle sørga for at dei kristne i Efesos var sunne i trua og levde sunne kristenliv. Ei gigantisk oppgåve for ein ung mann.
Jesus sa mange gongar at han skulle koma attende for å dømma verda og frelsa dei som trur. Men før det kan skje, må visse ting vera på plass. Det handlar denne talen om, og så handlar han om Jesu brennande kjærleik til sine truande vener.
Den kristne gleda handlar ikkje om temperament, men det handlar om ein person, om Jesus. Det er HAN som er vår glede.
Faren i forteljinga hadde i røynda 2 bortkomne søner, både han som drog ut i verda og hamna i grisebingen, og han som vart heime og gjorde pliktene sine. Berre ein av dei vart frelst.
I dag reflekterer eg litt over Salme 90 vers 1 som handlar om at Gud er ein heim for alle som søkjer han.
From the publisher's feed