Bibelpoden

Bibelpoden

Download on the App Store

Bibelpoden episodes

  • Salme 101,1-4

    David syng om rettferd og miskunn, eit ordpar som danne fundamentet for den kristne etikken.

    Men teologien går djupare her. På krossen miskunna Kristus seg over oss alle ved å ta på seg Guds rettferdige dom over våre syndige liv.

    11 min
  • Salme 100,1-3

    Fellesskapet me kristne får ha med Jesus er ei gåve, og det er eit privilegium å få tena han. Det gjer liva våre rike og meiningsfulle.

    7 min
  • Salme 99,4-9

    Det er eit ubryteleg prinsipp i Guds ord: Gud høyrer på oss dersom me høyrer på han. Dette kan forklara kvifor mange ber utan å få positive svar på bønene sine. At Gud er taus kan rett og slett vera eit kall til omvending. 

    7 min
  • Salme 97,8-12

    I dag snakkar eg om å hata det vonde, og om å gleda seg i Gud. To sider av same sak. Å hata det vonde er meir enn å gremmast over det, det er å gå til åtak på det og overvinna det med det gode.

    13 min
  • Salme 96,10-13

    Dette avsnittet er fullt av framtidshåp for jorda, men også ei påminning om at Herren ein dag skal dømma verda med rettferd. Og me skal, som me veit, alle fram for Kristi domstol, for HAN er den Herren som skal fella dom. 

    8 min
  • Tankar rundt Salme 96,1

    Alle menneske over heile jorda vert oppfordra til å synga for Herren. Kvifor det? Fordi Herren er vår skapar og vår frelsar og han fortener vår lov og pris. 

    8 min

About Bibelpoden

From the publisher's feed

Her finn du bibelrefleksjonar, talar og betraktningar.