
Sign up to save your podcasts
Or


Tysdag 13. august var den store bibliotekdagen under Arendalsuka 2024. Politikarar og bokbransjefolk kaptest om å framsnakka biblioteka. I denne episoden får du høyra eit av desse arrangementa.
Kommunikasjonsbyået Corporate Communications sto saman med Norsk Bibliotekforening og Litteraturhuset i Oslo bak arrangementet «Vi elsker biblioteket! Men må temperaturen opp? Kan vi skape mer bibliopasjon fra flere!?!»
Medverkande:
Programside for arrangementet «Vi elsker biblioteket! Men må temperaturen opp? Kan vi skape mer bibliopasjon fra flere!?!»
I episode 34 av podkasten Bok & bibliotek gir vi ei innføring i situasjonen til amerikanske skulebibliotek og folkebibliotek – straight from the source.
Den siste tida har vi kunna lesa om amerikanske bibliotekarar som blir truga med fysisk vald og er redde for å hamna i fengsel for å ha «upassande» innhald i bokhyllene. For å forstå situasjonen betre har vi snakka med John Chrastka, som må vera ei av dei mest brennande eldsjelene USA har fostra når det kjem til engasjement for bibliotek og lesekultur. I 2012 forlet han ei trygg stilling som vervingsansvarleg i den amerikanske bibliotekforeininga American Library Association for å bygga ein ny organisasjon frå botn: EveryLibrary.
Hovudmålet var å hjelpa lokale skulebibliotek og folkebibliotek til større tilskot og politisk gjennomslagskraft, og det har dei mange stadar lukkast med. Men slik som det politiske klimaet har utvikla seg har dei brukt meir og meir tid på å bistå bibliotektilsette og lokalsamfunn med å nedkjempa forsøk på å fjerna bøker frå bokhyllene. Og i det siste har dei òg måtta slåss mot lovforslag som vil opna for at bibliotekarar kan bli strafferettsleg forfølgde og bli fradømt jobben sin for å formidla pornografi til ungar berre om dei til dømes har Maja Kobabe grafiske roman Gender Queer på hylla.
Du kan gleda deg til ein svært så lærerik prat om finansieringssystemet til bibliotek og skular i USA, betydninga av politisk påverkingsarbeid, felles utfordingar rundt utlån av lydbøker og tap av papirbøker i skulevesenet, og – ikkje minst – den utsette situasjonen til bibliotekarar på andre sida av Atlanteren.
Opptaket blei gjort tysdag den 6. august 2024.
Tre lesetips frå John Chrastka:
· Amor Towles: En gentleman i Moskva
· Danielle Evans: The Office of Historical Corrections
· Ronald J. Krotoszynski Jr.: Reclaiming the Petition Clause: Seditious Libel, "Offensive" Protest, and the Right to Petition the Government for a Redress of Grievances
I denne episoden får du møta morgondagens bibliotekarar. Trine Sivertsen, Andrea M. Skogseth, Ingrid Blancheflor Dorfman Dyrli og Inga Kjellesvig Hanssen frå studiet i biblitoek- og informasjonsvitskap ved OsloMet tek over podkasten.
Kven er dei? Kva drøymer dei om? Kva lærer dei på studiet? Kva tenkjer dei om det utvida bibliotektilbodet – med shufleboard, kinoforestillingar og 3D-skrivarar? Og korleis ser dei si eiga framtidige rolle i dette? Trine er frå Svolvær i Lofoten, Andrea frå Inderøya i Nord-Trøndelag, Inga er frå Flekkefjord og Ingrid frå Florø i Sogn og Fjordane. Kva tenkjer dei om eigne lokalkommunar si satsing på bibliotek? Og ikkje minst om folk flest si forståing av kva eit bibliotek er og kva ein bibliotekar gjer?
Innspelinga blei gjort på Deichman Bjørvika den 19. mars 2024. God fornøyelse!
Bli betre kjent med skulebibliotekarutdanninga ved Universitetet i Agder og Ingeborg Eidsvåg Fredwall som er førstelektor der.
Intervjuet blei gjort under Bibliotekmøtet i april, der utdanninga i skulebibliotekkunnskap fekk Norsk Bibliotekforenings pris 2024 for arbeidet sitt.
Delar av dette sigersintervjuet står også på trykk i Bok & bibliotek 2-2024.
Endeleg tilbake! Det blir mykje godt stoff i podden framover. Etter ein litt stille periode har vi no heile tre episodar liggande som kjem til å bli lagt ut i tida framover.
Først i denne episoden er det eit intervju med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery. Deretter blir det panelsamtale frå Bibliotekmøtet 2024 som blei halde i Haugesund 17. til 19. april i år i regi av Norsk Bibliotekforening.
I intervjuet med statsråden gjentek ho det ho sa frå scenen på Bibliotekmøtet og har sagt fleire andre stadar i det siste: Leselyststrategien kjem før sommaren! Dette er noko av grunnen til at eg syns intervjuet med henne og scenesamtalen passa så godt saman, for i samtalen kjem det mange kloke innspel og tips om dette med å skapa leselyst – og ein god diskusjon om lyst-omgrepet kopla til lesing.
Siri Lindstad leier samtalen med overskrifta «Vi må snakke om litteraturformidling». Det blei rett og slett gøyal, tankevekkande og til tider rørande samtale og diskusjon med eit panel beståande av biblioteksjef på Sølvberget i Stavanger Anne Torill Stensberg, Monica Gundersen Mitchell frå Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger, forfattar Tore Renberg og allereie nemnte Jaffery.
Vi beklagar at det blei litt dårleg lyd på opptaket av panelsamtalen, men intervjuet med Jaffery blei bra.
God lytting! Og som alltid: Ikkje nøl med å ta kontakt på [email protected] for å koma med ris eller ros, tekstar eller tankar.
Den 19. januar heldt Mari Serine Kannelønning prøveforelesinga med tittelen "Potensiale og begrensninger for bruk av kunstig intelligens (KI) i biblioteksektoren" på OsloMet i samband med doktorgradsdisputasen sin.
Der gjorde ho det god forskingsformidling alltid gjer: rydda i omgrepsjungelen, kutta vekk det som stenger for utsikt og innsikt og heldt fram eit kart, denne gongen over det norske biblioteklandskapet. Ho streka opp rammene for bruk av KI-baserte verktøy i norske universitets- og høgskulebibliotek, viste fram dei viktigaste måtane vi nærmar oss verktøya i dag, og kva vi kan venta oss og bør satsa på framover.
Og vi har fått lov til å publisera Kannelønning si prøveforelesing her i podkasten.
Ei prøveforelesing er på ein måte sjarmøretappen på doktorgradsløpet. Og ofte er tematikken litt annleis enn i sjølve avhandlinga. Hovudtemaet i Kannelønning si avhandling er tilhøvet mellom forventingar til KI-teknologi og mobilisering i helsefeltet, altså korleis måten vi tenker og snakkar om teknologien påverkar kven som styrer utviklinga og korleis verktøya kjem i bruk. Om du vil læra meir om dette kan du lesa saka vår om doktorgradsdisputasen, eller sjølve avhandlinga.
Bli med på utdelinga av prisen Årets bibliotek 2023 som gjekk til skolebiblioteket ved Årstad videregående skole. Episoden inneheld mellom annan eit intervju med bibliotekarane ved vinnarbiblioteket, David Kvamme Høvik og Torhild Jordal, og ein forrykande appell for skulebiblioteka frå fjorårets vinnar Elisabeth Jensen Lombnæs.
Prisen Årets bibliotek blir delt ut av Norsk Bibliotekforening, og har vore delt ut sidan 1988. Prisen går til bibliotek som har teke i bruk nye idear, og som har jobba utradisjonelt og offensivt og gjerne i samarbeid med andre.
Norsk Bibliotekforening er ein interesseorganisasjon for norske bibliotek; både folkebibliotek, fagbibliotek og skulebibliotek. Leiar: Helene Voldner
Tidlegare vinnarar: Biblioteket ved Gamlebyen skule, Oslo (2022); Østsiden bibliotek, Fredrikstad (2021); Deichman Bjørvika, Oslo (2020); Trøndelag fylkesbibliotek (2019); Stormen bibliotek, Bodø (2018); Biblo Tøyen, Oslo (2017).
De som har følgt podkasten ei stund kjenner nok at stilen i denn episoden. Essayisten Ove Sundby har velsigna oss med ein ny tekst. I kjent stil svingar han innom både den gamle bibliotekarskulen i Dælenggata i Oslo, ei heilt nødvendig klassereise inn i bibliotekverda, myta eller sanninga om at ein bestemt mennesketype kjenner seg tiltrekt av bibliotekaryrket, og ein nesten gløymt parentes i den norske informasjonskunnskapens historie.
Send gjerne innspel og tips og kritikk og det du måtte ha på hjarta til [email protected], eller finn telefunnummeret på nettsida bokogbibliotek.no.
Som alltid er det gull med liking og deling av episodar, men det aller beste er visst nok om lyttarane tek seg tid til å skriva ei setning eller to om kva dei likar med denne podkasten.
God lytting!
– Sinne er ei potensiell sterk drivkraft når du sit som biblioteksjef og ser så tydeleg potensialet til kva som kunne vore. Du ser så tydeleg kva ideen om folkebiblioteket kan levera, og så sit du der med knappar og glansbilete og kan ikkje gjera nokon ting og ser sjansane gå deg forbi. Då er sinne ei sterk drivkraft for å få den merksemda som trengs.
Sitatet er av biblioteksjef i Haugesund Siri Vikse frå 19. oktober, sagt i bibliotekleiarsamtalen under Biblioteklederkonferansen 2023. Og det er den samtalen du får høyra i denne episoden. Temaet var «For mye av det gode, eller for mange drivkrefter?». I ein samtale om kor vidt dagens bibliotek gapar over for mykje kjem altså Vikse med eit hjartesukk om alt ho ser biblioteket kunne vore men som det ikkje er ressursar til. Det høyrer med til forteljinga at Haugesund bibliotek nyleg blei tildelt pris som «Årets utvidar» av Norsk publikumsutvikling.
Temaet for Biblioteklederkonferansen i år var «Drivkraft», og bibliotekleiarsamtalen problematiserte den store porteføljen av oppgåver dagens bibliotek potensielt kan ta på seg. Kan det bli for mange drivkrefter inn, for mykje som skal koordinerast og administrerast? Kan eit breitt og inkluderande tilbod koma i vegen for kjerneoppgåvene? Står vi i fare for å mista bøkene?
I tillegg til Siri Vikse frå Haugesund, besto panelet av biblioteksjef Sølvi Tellefsen frå biblioteket på Lillestrøm og årets kulturkommune 2023, og Henriette Stoltz frå Skien, ein av to andre kommunar som var nominerte til Årets kulturkommune saman med Lillestrøm. Stoltz sit også i NB sitt strategiske råd og er biblioteksjef i byen som nærmar seg innspurten på eit digert løft med å få på plass nytt bibliotek og masse anna fram mot feiring av den ikkje ubetydelege Skiensguten Henrik Ibsen sitt 200-årsjubileum i 2028.
Saman med samtaleleiar og tidlegare biblioteksjef ved Stormen bibliotek i Bodø, Trud Berg, deler dei tre både smarte økonomitriks og råd om korleis ein kan navigerer klokt i kommunale system.
Trud Berg jobbar i dag i lakseoppdrettsbransjen, i eit firma som heiter NovaSea, og det er litt viktig å få med for at det skal skjøna eit par av kommentarane som kjem undervegs i samtalen.
Om du likar episoden set vi pris på all god omtale og deling (så skamlaus må ein dessverre vera i merksemdsøkonomiens tidsalder)!
For ei tid tilbake fekk redaksjonen ein e-post frå dåverande biblioteksjef i Enebakk Oddmund Kårevik. Med begeistring fortalte han om eit arrangement dei hadde på tapetet der i bygda.
Temaet var forfattarskapen til Elisabeth Strout. Deltakarane var omsettarane Tove Bakke og Hilde Rød-Larsen, og Oddmund sjølv. Den første er entusiastisk lesar av bøkene til Strout. Den andre er den som har kledd den amerikanske forfattaren sine åtte romanar i norsk språkdrakt. Saman ville dei tre prøva å finna ut kva det er med bøkene til Strout. Kva er det som gjer dei så spesielt gode? Kvifor blir vi likesom ikkje ferdig med dei? Og korleis er det å omsetta bøkene
Kunne dette vera noko for Podkasten Bok & bibliotek, spurte Oddmund? Takk vera initiativet frå Enebakk får de no tilgang til ein livleg og ivrig litteratursamtale frå eit norsk bibliotek om gleda ved å ha ein favorittforfattar, verdas verste svigermor, HBO-serien Olive Kiteridge og lysta til å stryka unødvendige setningar i bøkene til ein Pulitzer-vinnande og Booker-nominert forfattar. Du får høyra språkkunnige personar i samtala om nyansane i eit språk og mellom språk, om det knausgårdske Åh! som er lov på nynorsk, og kanskje også snart på bokmål, og om alle tinga vi gjer for å halda det gapande mørket i tilværet på avstand.
Som om ikkje det er nok, kjem det også ein sensursituasjon tidleg i episoden som viser i praksis at det har større verdi å møtast på biblioteket enn å høyra på podkast. Det er noko med elefantane som ikkje kjem heilt ut. Men som så ofte i livet finst det finst glede og kunnskap også i det nest beste. Og det får du altså her, i Podkasten Bok & bibliotek.
Arrangementet, som gjekk føre seg torsdag den 12. oktober i år, blei støtta av Norsk oversetterforening og var ein del av Nedre Romerikes litteraturfestival «Litt av en fest» som er støtta av Viken Fylkesbibliotek.
Elizabeth Strout (f.1956) er ein amerikansk skribent og romanforfattar, busett i New York og Maine. Ho debuterte i 1998 med romanen Amy and Isabelle og har til saman gitt ut åtte romanar. Det store internasjonale gjennombrotet hennar kom med Olive Kitteridge (2015), som vann Pulitzer-prisen for beste roman i 2009. Romanen toppa The New York Times si bestseljarliste og vart seinare tilpassa som ein kritikarrosta miniserie, som vann fleire Emmy-prisar.
Den første boka om Lucy Barton, Eg heiter Lucy Barton (2016), vart nominert til Booker-prisen i 2016, toppa The New York Times si bestseljarliste og høsta strålande kritikkar internasjonalt. Lucy Barton vart seinare hovudkarakteren også i romanane Kva som helst er mogleg (2017), Åh, William (2022) og Lucy ved havet (2023).
Foto: Tone Gautefald Tveit, Ragnar Hovland og Tine Poppe
From the publisher's feed